Faktaboks

Offisielt namn
BERGENSAVISEN AS
Også kjend som
BA
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Bergen
Stifta
1927
Dagleg leiar
Guro Valland (ansvarlig redaktør)
Styreleiar
Ingrid Skogrand

Bergensavisen

Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Bergensavisen (BA) er ei norsk lokalavis som kjem ut i Bergen, i papirformaet alle kvardagar og som dagleg oppdatert nettavis. Avisa vart grunnlagd i 1927 som Bergens Arbeiderblad, og skifta namn til Bergensavisen i 1992. BA er eigd av Amedia. BA er nest største avis i Bergen, etter Bergens Tidende (BT), og er primært ei reindyrka lokalavis som journalistisk dekkjer byen og det nære omlandet, i motsetning til BT, som har ei breiare geografisk dekning.

Bergensavisen hadde i fjerde kvartal 2024 eit totalopplag på 27 199, som omfatta abonnentar både på papiravisa og nettutgåva. Opplagsutviklinga har vist ei jamn stigning etter at digitale abonnentar frå 2015 vart rekna inn i opplagstala. Det samla talet lesarar på nett og papir var ifylgje Mediebedriftenes Landsforenings statistikk 102 865 i fjerde kvartal 2024.

Avisa hadde frå 1933 til 2017 tilhaldstad i eige avishus i Chr. Michelsens gate. Ho hadde inntil 2008 også eige trykkjeri. Frå 2017 til 2019 heldt Bergensavisen til i Media City Bergen.

Digitalt

Bergensavisen byrja med nettavis i 1996. Avisa har betalingsmur for andre enn abonnentar som vil lese artiklane. Avisa har også podkasten «fotballpreik», som handlar om Sportsklubben Brann og lokalfotball.

Historie

Gunnar Ousland (1877–1967) var gjennom eit langt liv ein av dei mest populære talarane og historieskrivarane i den norske arbeidarrørsla. Han vart fødd nær Mandal i 1877 og var utdanna typograf. Ousland vart i 1906 redaktør av fagbladet til typografane og etter kvart kjend som ein glimrande talar og opplesar. Frå 1911 var han tilsett i Social-Demokraten, men forlét avisa og DNA ved splittinga i 1921. Han var redaktør for Bergens Social-Demokrat 1926–1927 og for Bergens Arbeiderblad 1927–1940. Under krigen var Ousland ei drivande kraft i utarbeidinga av Fellesprogrammet mellom partia. Det gjorde han kjend langt utover arbeidarrørsla. I rørsla er nok Ousland likevel mest kjend som festtalar, forfattar av eit utal songar og prologar og dessutan som historikar. Hans viktigaste arbeid som historikar er verket om LOs historie fram til 1940.
Gunnar Ousland
Arbark.

Bergensavisens opphav er tett knytt til splittinga og samlinga av Det norske Arbeidarpartiet (DNA) på 1920-talet. I mellomkrigstida var avisene tett knytte til dei politiske partia, og ved inngangen til 1920-talet var det Bergens Arbeidarparti som gav ut partiorganet Arbeidet.

I 1921 forlét den sosialdemokratiske opposisjonen Arbeidarpartiet og skipa Noregs socialdemokratiske Arbeidarparti. I Bergen etablerte sosialdemokratane då avisa Bergens Social Demokrat. I 1921 forlét den kommunistiske opposisjonen Arbeidarpartiet og danna Noregs Kommunistiske Parti. I Bergen Arbeidarparti hadde kommunistane fleirtal ved splittinga, og dei overtok partiapparatet og partiorganet Arbeidet. Arbeidarpartiet hadde dimed inga avis i Bergen. I 1924 prøvde DNA å opprette eigen Bergensavis, men mislukkast.

Samling og ny avis

I byrjinga av 1927 gjekk det sosialdemokratiske partiet og eit stort tal kommunistar inn i DNA. Dette skjedde i Bergen og i resten av landet. For å markere at samlinga innebar eit brot med splittingane i fortida, vart avisa Bergens Social-Demokrat stansa. I staden vart Bergens Arbeiderblad grunnlagt som organ for det nye sameina DNA i Bergen. Sentralt i redaksjonen stod Gunnar Ousland (redaktør), Oscar Ihlebæk og Frithjov Bergmann. Bergmann hadde vore redaktør i Arbeidet, og Ousland var redaktør av Bergens Social-Demokrat ved nedlegginga.

Krigsåra

Som dei fleste andre arbeidaravisene vart Bergens Arbeiderblad forboden under andre verdskrigen. Etter krigen vart avisa hovudorgan for Arbeidarpartiet på Vestlandet.

Uavhengig journalistikk

Alf Hildrum vart tilsett som redaktør i 1981 og Olav Terje Bergo i 1984. 1980-åra var ein periode med ei rekkje redaksjonelle og driftsmessige endringar. I 1981 vart avisa lagt om frå ettermiddagsavis for heile Vestlandet til å bli morgonavis i tabloidformat for Bergen. Eit nytt trykkjeri vart samstundes teke i bruk. Som ei av dei fyrste avisene kjøpte Bergens Arbeiderblad i 1983 datautstyr til bruk i teknisk avdeling og i redaksjonen samtidig. I 1984 reiv avisa seg redaksjonelt laus frå Arbeidarpartiet.

Avisa var nær ved å gå konkurs i 1984, men sal av trykkjeriet, nye tekniske endringar og ein auke av opplaget førte til at avisa i 1989 for fyrste gong sidan 1930-talet gjekk med overskot.

Bergensavisen BA

I 1992 skifta avisa namn til Bergensavisen BA. Avisa gjekk i 1994 frå fullformat til tabloid i samband med at trykkinga vart flytta til eige trykkjeri.

Frå midten av 1990-talet gjekk industrieigaren Trond Mohn gjennom selskapet sitt Metava inn som aksjonær med 20 prosent eigardel og fekk plass i styret i avisa. I tillegg til stor statsstøtte sikra Mohns engasjement at avisa fekk eit trygt økonomisk fundament. Også Sparebanken Vest gjekk inn på eigarsida med 10 prosent. Amedia var inntil hausten 2024 hovudaksjonær med 70 prosent eigarskap. Same haust vart Amedia eineeigar av Bergensavisen.

Bergensavisen var ei av dei fyrste i Noreg som frå 1990 gav ut sundagsavis. Ho vart nedlagd i 2016.

Opplag

Opplagstal for Bergensavisen, 1986–2024

tidspunkt
1986 18670
1988 21018
1990 23875
1991 24352
1992 26290
1993 27398
1994 28274
1995 28903
1996 29384
1997 30735
1998 31022
1999 29972
2000 29567
2001 29363
2002 28772
2003 30952
2004 32130
2005 31896
2006 30719
2007 29311
2008 27406
2009 25178
2010 22452
2011 19773
2012 17873
2013 16464
2014 15064
2015 13659
2016 13923
2017 16275
2018 22474
2019 25302
2020 27068
2021 26917
2022 27815
2023 26667
2024 27199
Kjelde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1932 8000
1950 17 689
1960 16 102
1970 21 572
1983 15 300
1990 23 875
1998 31 022
2008 27 406
2015 13 659
2020 27 068
2021 26 917
2022 274 815
2023 26 667
2024 27 199

Til og med 2015 gjeld opplagstala papirutgåva. Frå 2020 blir netto opplagstal nytta for digitalt abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Fakta

  • Bergens Arbeiderblad: fyrste nummer 23. mars 1927
  • Fyrste nummer etter krigen 9. mai 1945
  • Skifta namn til Bergensavisen 10. august 1992
  • Sundagsutgåve frå 1990 til 2016
  • Nettutgåve frå 1996

Redaktørar

Årstal Redaktør
1927–1938 Gunnar Ousland
1938–1941 Oscar Ihlebæk
1945–1958 Torstein Selvik (stortingsrepresentant frå 1950 til 1969)
1950–1958 Jørgen Hustad
1958–1962 Per Bratland
1962–1964 Egil Helle
1964–1983 Odd Ragnar Torvik
1981–1983 Alf Hildrum
1984–2009 Olav Terje Bergo
2009–2016 Anders Nyland
2016–2021 Sigvald Sveinbjørnsson
2021–2022 Tor Godal (konstituert)
2022– Guro Valland

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.120 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg