Amedia eig i Noreg 108 aviser og nettstader og har i tillegg 19 partnaraviser. Det store fleirtalet av Amedia sine aviser er lokalaviser. Romerikes Blad er den største av Amedia-avisene som kjem ut fysisk.
I tillegg til dette har Amedia interesser innan fleire nettaviser, og eig mellom anna 100 prosent av Nettavisen og NA24 etter å ha delt eigarskapen 50–50 prosent med danske Egmont sidan 2009. Amedia eig dessutan fem trykkeri og er medeigar i tre til i Noreg.
Amedia inngjekk hausten 2018 avtale med Nordsjø Media AS om å overta alle aksjane i mediekonsernet. Ni lokalaviser i Rogaland og Vest-Agder blei dermed ein del av Amedia. I februar 2020 inngjekk Amedia ein tiårig teknisk og strategisk samarbeidsavtale med TA-konsern, som mellom anna gir ut Trønder-avisa og fleire lokalaviser i Trøndelag. I juni 2021 kjøpte Amedia 66,9 prosent av aksjane i Tun Media, som mellom anna eig Nationen og Bondebladet.
Ei ny digital lokalavis for Kristiansand, KRS, blei etablert av Amedia sommaren 2023, og RA Stavanger vart etablert hausten 2024. I oktober 2025 vart dei tre avisene i KilderGruppen (Hamar Arbeiderblad, Stangeavisa og Lokalavisa Trysil–Engerdal) heileigde Amedia-aviser, etter at Amedia sidan 2022 hadde eigd vel 20 prosent av KildeGruppen.
I 2025 innførte Amedia ei ordning med gratis digital tilgang til konsernets aviser for unge mellom 15 og 20 år.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.