Kongekrona vart laga i Stockholm til kroninga av Karl Johan i 1818. Ho er ei lukka bøylekrone i empirestil, laga av 20 karat gull og rikt dekorert med perler og edelsteinar. Den store grøne steinen midt framme er ein turmalin eller beryll.

Kongekrona
Av .
Kong Haakon 7. vart krona i Nidarosdomen 22. juni 1906. Etter at kongen var blitt salva, sette statsminister Christian Michelsen og biskop Vilhelm Andreas Wexelsen kongekrona på hovudet hans saman. Kroninga av Haakon 7. og dronning Maud vart den siste kroninga i Noreg.
Kroning 1906
Av /NTB.

Kongekrona er krona til den norske monarken og det fremste av dei norske riksregalia. Krona vart brukt ved dei fire norske kongekroningane i 1818, 1860, 1873 og 1906.

Faktaboks

Også kjend som

kongekronen; kongens krone

Etter at kroningsskikken vart avskaffa, har kongekrona framleis ein seremoniell funksjon ved signingar og gravferder. Når ein norsk monark døyr, blir krona transportert frå Trondheim til Oslo og plassert på kista til monarken.

Kongekrona vart laga i Stockholm av gullsmeden Olof Wihlborg til kroninga av Karl Johan i 1818. Ho er ei lukka bøylekrone i empirestil, laga av 20 karat gull. Ho er 24,5 cm høg, har ein diameter på 18,5 cm og veg 1,5 kg. Krona er rikt dekorert med perler og edelsteinar. Midt framme sit ein 6,3 cm høg grøn stein, ein turmalin eller beryll.

Bakgrunn

Nærbilete av toppen av kongekrona. Dei åtte bøylane møtest under eit lite rikseple av blå emalje med gullstjerner og band av perler. Over rikseplet står ein kross sett saman av seks ametystar.
Kongekrona
Av /NTB.

Noreg hadde riksregalia i mellomalderen, men desse gjekk tapt i samband med reformasjonen. Då Noreg fekk Grunnlova i 1814, fanst det difor ikkje eit eige sett norske regalia. Grunnlova slo fast at kongen skulle kronast og salvast i Nidarosdomen, og før kroninga av Karl Johan i 1818 måtte det skaffast nye regalia.

Karl Johan betalte sjølv for kongekrona, septeret, rikseplet, salvingshornet, rikssverdet og eit riksbanner. Karl Johan gav seinare regalia som gåve til den norske staten.

Kongekrona vart teken i bruk allereie ved gravferda til Karl Johans forgjengar, Karl 2., i 1818, før Karl Johan sjølv vart krona. Bruken av riksregalia ved kongelege gravferder er dermed like gamal som den noverande norske regaliesamlinga.

Utforming

Kongekrona er ei lukka bøylekrone. Slike lukka kroner vart brukte som teikn på suveren fyrsteleg rang, medan kroner for personar med lågare rang ofte var opne. Den norske arvefyrstekrona frå 1846 er difor ei open krone.

Frå kronringen går åtte gullbøylar opp mot toppen. Fire av dei er flate og forma som eikeblad, medan dei fire andre er gjennombrotne og forma som laurbærblad. Båe motiva var vanlege i empirestilen. Laurbær har sidan antikken symbolisert siger og makt, medan eikelauv mellom anna har symbolisert styrke.

Bøylane møtest under eit lite rikseple av blå emalje med gullstjerner og band av perler. Over rikseplet står ein kross sett saman av seks ametystar.

Krona er dekorert med ei rekkje ulike edelsteinar, mellom anna ametyst, granat, opal, peridot, krysopras, topas, safir og smaragd. Den mest iaugefallande steinen sit midt framme. Han er grøn og 6,3 cm høg. Steinen har tradisjonelt blitt rekna som ein turmalin og skal vere ei gåve til Karl Johan frå den brasilianske konsulen i Stockholm, men han er òg blitt identifisert som ein mogleg beryll.

Inne i krona er det ein pull av purpurraud fløyel, dekorert med små kroner og 50 perler.

Bruk

Kongekrona vart brukt ved kroningane av Karl Johan i 1818, Karl 4. i 1860, Oscar 2. i 1873 og Haakon 7. i 1906. Under kroninga vart krona sett på hovudet til kongen etter at han var blitt salva. Haakon 7. var den siste norske kongen som bar krona. Kroningsplikta i Grunnlova vart oppheva i 1908.

Ved signingane av Olav 5. i 1958 og Harald 5. og dronning Sonja i 1991 låg kongekrona framme i Nidarosdomen, men vart ikkje sett på hovudet til kongen.

At kroning vart avskaffa, innebar ikkje at kongekrona mista funksjonen som riksregalie. Ved gravferda til ein norsk monark blir krona framleis lagd på kista som eit teikn på kongeverdigheita til den avlidne. Ho blir då transportert frå regaliesamlinga i Trondheim til Oslo. Kongekrona vart mellom anna brukt på denne måten ved gravferdene til Olav 5. i 1991 og Harald 5. i 2026.

Kongekrona som symbol

Noregs riksvåpen, statens offisielle versjon, teikna av arkivar Hallvard Trætteberg i 1937 og bearbeida av grafikaren Sverre Morken i 1992
.

Kronemotivet inngår òg i norske statlege og kongelege symbol. Over skjoldet i det norske riksvåpenet står ei lukka kongekrone med bøylar, rikseple og kross. Dette er ei stilisert heraldisk krone, ikkje ei detaljtru avbilding av kongekrona, men dei har same hovudform.

Ei stilisert kongekrone inngår òg i kongevåpenet, som vart utforma av Eilif Peterssen i 1905. Kongevåpenet er òg motiv på riksbanneret frå 1906.

Oppbevaring

Dei norske riksregalia og anna kroningsutstyr er utstilte i Erkebispegarden i Trondheim. På biletet ser ein mellom anna ei kroningskappe og møblar som vart brukte under dei norske kroningane. Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider har ansvaret for samlinga.
Riksregalia
Av /Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider.

Kongekrona vart i lange periodar oppbevart saman med dei andre norske riksregalia i Noregs Bank. Frå 1988 vart kronene og fleire av dei andre regalia stilte ut i Nidarosdomen.

Sidan 2006 er kongekrona utstilt saman med dei andre norske riksregalia i Erkebispegarden i Trondheim. Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider har det utøvande ansvaret for samlinga.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg