Faktaboks

Harald 5.
Harald V
Fødd
21. februar 1937, Skaugum i Asker
Død
28. august 2026, Oslo
Virke
Noregs konge
Familie

Foreldre: Daverande kronprins Olav (seinere kong Olav 5; 1903–1991) og kronprinsesse Märtha (1901–1954).

Gift 29. august 1968 i Oslo med Sonja Haraldsen (1937–).

Bror av prinsesse Ragnhild (1930–2012) og prinsesse Astrid (1932–2026); far til prinsesse Märtha Louise (1971–) og kong Haakon 8. (1973–); svigerfar til dronning Mette-Marit (1973–).

Kong Harald i 2025.
Kong Harald
Av /Det kongelige hoff.
Harald var kjend for den lune humoren sin. I eit NRK-intervju i 2014 fortalde kongen at han skulle besøkje den norske forskingsstasjonen Troll i Antarktis, som dronning Sonja hadde opna i 2005. Han spurde om stasjonen var oppkalla etter henne, og då dronninga svarte at han heitte Troll, repliserte kongen: «Ja, nettopp.» Merknaden vart mykje omtalt, og dronning Sonja spøkte seinare sjølv med episoden.
Intervju med kong Harald og dronning Sonja i 2014
Av .
Kong Harald tok imot det norske herrelandslaget i fotball på Slottet 13. juli 2026 etter den historiske innsatsen til laget under VM. Han takka spelarane for opplevingane dei hadde gjeve det norske folket. Mottakinga var eit av kong Haralds siste offisielle oppdrag.
Mottaking 13. juli 2026
Av /Det kongelege hoffet.

Harald 5. var konge i Noreg frå 1991 til 2026. Han var den første norske monarken som var fødd i Noreg sidan 1380. Saman med dronning Sonja vidareførte og moderniserte kong Harald det norske kongedømet. Han naut stor respekt som ein inkluderande konge.

Prins Harald blei kronprins i 1957, då bestefaren kong Haakon 7. døydde. Kronprins Harald og Sonja Haraldsen var kjærastar i fleire år før forholdet blei offentleg kjent. Forholdet fekk blanda mottaking, sidan Sonja ikkje var kongeleg. Dei gifta seg i 1968, etter at faren kong Olav 5. til slutt gav samtykke til ekteskapet. Dei fekk to born: prinsesse Märtha Louise og arveprins Haakon Magnus. Harald og Sonja vart signa i Nidarosdomen som konge og dronning etter at kong Olav døydde i 1991. Harald døydde 28. august 2026.

Fødsel og dåp

Harald 5. blei fødd på storgarden og kronprinsbustaden Skaugum i Asker i Akershus. Foreldra var dåverande kronprins Olav, seinare kong Olav 5., og kronprinsesse Märtha.

Fødselen til Harald blei gjort kjend gjennom eit kommuniké underteikna av to legar, professor Anton Sunde og Hans Ludvig Carl Huitfeldt: «Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsessen fødte i dag 21. februar kl. 12.45 en velskapt sønn. Fødselen forløp normalt. Så vel Kronprinsessen som den lille prins befinner seg vel. Skaugum, 21. februar 1937». Kommunikeet var svært kortfatta. Det stod ikkje noko om vekt og lengd, eller om at faren var til stades under fødselen. Det var uvanleg på den tida. Faren, kronprins Olav, sa heller ikkje noko om dette før langt seinare.

Statsminister Johan Nygaardsvold fekk melding om fødselen, slik Grunnlova fastset. Fødselen til ein arveprins skal òg registrerast i statsråd, og det blei gjort dagen etter. Stortinget fekk så ei erklæring frå statsministeren: «I henhold til Grunnlovens paragraf 6 tilkjennegis herved for Norges storting at Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsesse Märtha i går klokken 12.45 er nedkommet med en velskapt sønn. Den nyfødte arveprins vil bli døpt under navnet Harald.»

Prins Harald vart døypt i Slottskapellet 31. mars 1937 av biskop Johan Lunde, som også hadde vigd kronprinsparet og døypt søstrene hans. Dronning Maud bar han til døypefonten og sa namnet, medan den andre bestemora, prinsesse Ingeborg, tok av lua hans.

At prins Harald blei fødd, var ei historisk hending i Noreg, særleg sidan han skulle bli den første norske monarken som òg var fødd i Noreg sidan 1380.

Slektskap

Harald var av kongeleg slekt, med anar attende til mellomalderen. Han høyrde til fyrstehuset Glücksburg, ei sidegrein av fyrstehuset Oldenburg. På mannssida går ei slektslinje attende til Christian 3. av Danmark-Noreg, konge frå 1534 til 1559. Farmora til Harald var dronning Maud, dotter av kong Edvard 7. av Storbritannia og dronning Alexandra, prinsesse av huset Glücksburg. Edvard 7. var son til dronning Victoria, noko som gjorde Harald 5. til tippoldebarn av dronning Victoria.

Kong Harald var i nær slekt med mange noverande og tidlegare europeiske monarkar. Han var:

Oppvekst

Andre verdskrigen

Statsminister Johan Nygaardsvold og prins Harald på Pooks Hill, USA, sumaren 1942. Bilde frå Norsk biografisk leksikon.

Johan Nygaardsvold
Av /NTB ※.

Prins Harald budde saman med foreldra og dei to prinsessene Ragnhild og AstridSkaugum fram til 9. april 1940, då dei måtte flykte frå den tyske okkupasjonsmakta. På Elverum skilde Harald, kronprinsesse Märtha og dei to prinsessene lag med kronprins Olav og farfaren, kong Haakon 7. Dei drog over grensa til Sverige, der kronprinsessa hadde nær familie. Då kongen og regjeringa var komne til London i juni, bestemte dei at prins Harald og dei andre familiemedlemene skulle reise frå Sverige til USA. Dei ville hindre at prinsen blei ei brikke i eit politisk spel med okkupasjonsmakta, som hadde tankar om å avsetje kong Haakon og gjere prinsen til barnekonge.

Dei neste fem åra budde prins Harald saman med familien i ein villa på Pooks Hill, eit par mil nord for Washington, D.C. Familien blei teken hand om av Franklin D. Roosevelt, som då var president i USA. Kronprins Olav kom ofte på lengre vitjingar frå London. Prins Harald hadde dessutan stor glede av turar til dei norske styrkane i Little Norway utanfor Toronto, Canada, der han blei som ein slags maskot for dei norske flygarane.

Då tyskarane kapitulerte i mai 1945, reiste familien først til London, og derifrå til Edinburgh i Skottland. Der låg kryssaren «Norfolk» klar til å ta dei til Oslo saman med kong Haakon og størstedelen av Londonregjeringa. Her blei dei 7. juni tekne imot av kronprins Olav, som var komen heim tidlegare, og ordføraren i Oslo, Einar Gerhardsen, samt andre framståande personar frå styresmaktene. Familien flytta så attende til Skaugum etter eit opphald på Bygdøy kongsgard.

Etterkrigstida

Harald som 15-åring i 1952 med faren Olav og bestefaren Haakon.
Tre generasjoner
Av .

Mora, kronprinsesse Märtha, døydde allereie i 1954 etter lang tids sjukdom. Prins Harald var 17 år gamal og skulle ta eksamen på katedralskulen det året. Det hadde vore eit spesielt nært forhold mellom mor og son. Harald har seinare gitt uttrykk for at tida etter bortgangen hennar var tung for han.

I 1957 døydde bestefaren kong Haakon 7., og Harald blei kronprins. Det høyrde då til pliktene hans å møte i statsråd. Etter kort tid måtte han fungere som regent medan kong Olav var på reise.

Utdanning

Prins Harald (til høgre) feirar avlagt examen artium i 1955.
Prins Harald (til høgre).
Av /NTB.

Prins Harald fekk den første skulegangen sin i USA, der han frå 1943 gjekk på The White Hall Country School i Connecticut, ikkje langt frå Pooks Hill. Her fekk han undervisning på engelsk, men heime insisterte kronprinsesse Märtha på at dei skulle snakke norsk. Hausten 1945 tok prins Harald til på Smestad skule i Oslo. At han som arveprins gjekk på ein offentleg skule, var noko spesielt, i motsetnad til faren, som hadde fått privat undervisning på Slottet.

Prins Harald tok examen artiumreallina ved Oslo katedralskule våren 1955. Han gjekk inn i Forsvaret i 1956 og blei utdanna ved Befalsskulen for kavalerietTrandum i 1956, og ved Krigsskulen for Hæren i 1957–1959. I 1960 blei han løytnant og nestkommanderande ved Kavaleriets rekruttskule, og vidare oberst og kommandør i 1970. I 1977 blei han utnemnd til general i Hæren, admiral i Sjøforsvaret og general i Luftforsvaret.

Prins Harald avslutta dei akademiske studia sine med to år ved Balliol College i Oxford i 1960–1962, der kong Olav òg hadde studert. Faga var statsvitskap, historie og økonomi. Resten av førebuinga til kongegjerninga skjedde gjennom det praktiske livet som kongeleg.

Ekteskap

Kongeleg norsk bryllaup i Oslo 29. august 1968. Kronprins Harald giftar seg med Sonja Haraldsen. Kronprinsparet inviterte med bryllaupsgjestene sine til Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden. Frå venstre: Ole Henrik Moe (direktør ved Henie-Onstad), Irmelin Riddervold (forlovar), Sonja Haraldsen, kronprins Harald, prins Henrik av Danmark, prinsesse Margrethe av Danmark, Johan Martin Ferner, prinsesse Astrid fru Ferner, Bærums ordførar W. Greiner og kong Olav.
Av /NTB Scanpix.

I 1967 og 1968 tok det til å versere rykte om at kronprins Harald hadde ein kjærast, og at han ønskte å gifte seg med henne. Men det var eitt problem: Kjærasten, Sonja Haraldsen, var ikkje av kongeleg slekt. Paret var klar over at eit slikt ekteskap ville bryte med tradisjonen i monarkiet. Men det synte seg at dei alt hadde vore saman i mange år.

Kong Olav var skeptisk til eit ikkje-kongeleg giftarmål for kronprinsen, men var i villreie og søkte råd hos politikarane. Regjeringa Borten var splitta i saka, men til sist gjekk dei ikkje imot borgarleg ekteskap. Kronprins Harald sjølv hadde gitt uttrykk for at dersom han ikkje fekk gifte seg med Sonja Haraldsen, måtte han vurdere å leve ugift resten av livet.

Saka blei grundig drøfta i media og blant folk flest utover vinteren 1968. Ein stilte spørsmål om monarkiet kunne ha ei dronning frå borgarleg samfunnslag og om det ville vere eit høve til å innføre republikk. Til sist gav kong Olav sitt samtykke til giftarmålet. 29. august 1968 gifta Harald seg med Sonja Haraldsen, som då fekk tittelen kronprinsesse Sonja. Dei vart vigde i Oslo domkyrkje av biskop Fridtjov Birkeli.

Kronprinsparet

Harald og Sonja fungerte som kronprinspar i meir enn 20 år. For ein komande konge var dette viktige læreår. Dei reiste mykje rundt i landet og var òg med på mange reiser utanlands saman med folk frå næringsliv og samfunnsliv elles.

Dei fekk to born: prinsesse Märtha Louise 22. september 1971 og arveprins Haakon Magnus 20. juli 1973.

Kong Harald 5.

Kong Harald 5. avlegg eid 20. januar 1991.
Kong Harald 5. avlegg eid.
Av /NTB.

Som far sin valde kong Harald å la seg signe til kongsgjerninga. Saman med dronning Sonja blei han signa i Nidaros domkirke søndag 23. juni 1991 av biskop Finn Wagle. I bakgrunnen (ved sida av dronninga) står biskop Andreas Aarflot.

Signinga i Nidarosdomen
Av /NTB Scanpix.

Då kong Olav døydde 17. januar 1991, blei Harald konge. Han tok det same valspråket som kong Haakon og kong Olav: «Alt for Noreg». Han blei signa i Nidarosdomen, saman med dronning Sonja, 23. juni 1991. Som konge gjekk Harald inn i ein nesten 90 år lang tradisjon, utvikla av farfaren og faren.

Kongens rolle som den fremste leiaren i staten er fastlagd i Grunnlova, som definerer dei politiske og konstitusjonelle pliktene. Men den symbolske rolla kongen spelar, gir rom for tilpassing til den tida monarken lever i. Å vidareføre og modernisere det norske kongedømet var den viktigaste oppgåva for kong Harald og dronning Sonja. Av praktiske moderniseringar ser ein initiativet deira til å restaurere Slottet, Bygdøy kongsgard og Oscarshall slott. Både kong Harald og dronning Sonja reiste mykje rundt i landet for å møte folket, der begge viste seg frå ei relativt personleg side.

Ein inkluderande konge

Kong Harald 5. Foto frå 2007.
Kong Harald 5.
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Som faren og farfaren såg kong Harald det som viktig å bidra til inkludering av ulike grupper i samfunnet. Kong Haakon ville ta imot kongeoppdraget etter ei folkerøysting, og han spela ei rolle då Arbeidarpartiet for første gong fekk regjeringsoppdraget i 1928. Kong Olav la vekt på samane sine rettar og at det nye etniske mangfaldet i landet måtte møtast med toleranse og inkludering. Det same har kong Harald gjort.

Kong Harald heldt mange talar som vekte merksemd, både for det politiske innhaldet og for reine verdispørsmål. Ein av dei mest kjende talane vart halden i KibergVarangerhalvøya under den første reisa kongeparet gjorde i Nord-Noreg. Her kom kong Harald med heider til partisanane under andre verdskrigen og såg positivt på haldningane deira til Russland, med familieband og godt naboskap. Det var rekna som ei oppreisning til folk som var blitt gløymde og haldne utanfor når det gjaldt innsatsen under okkupasjonen. Kongen sa innleiingsvis:

«Det kan være smertelig å måtte se historie i et nytt lys. Jeg har en spesiell følelse av dette når jeg står her foran et monument over en del av vår historie som tildels har vært tiet ihjel.»

Kong Harald var ofte meir direkte og tydeleg enn mange politikarar i verdispørsmål. Slik tok han omsynet til inkludering endå lenger enn kongane før han. Som konge var han med på feiringa av den pakistanske nasjonaldagen. Men han var òg oppteken av andre vanskelege og viktige spørsmål i samtida. I ein vidgjeten tale i Slottsparken i 2016, under 25-årsmarkeringa av tronskiftet i 1991, gav han ei rekkje døme på kva nordmenn er. To setningar vekte ekstra merksemd:

«Nordmenn er jenter som er glad i jenter, gutter som er glad i gutter, og jenter og gutter som er glad i hverandre. Nordmenn tror på Gud, Allah, Altet og Ingenting.»

Etter terroråtaka 22. juli 2011, stod kongen og kongehuset fram som samlande. Kongen sjølv var tydeleg merkt av hendinga og gret ope under markeringa i Oslo domkyrkje eit par dagar etter terroren. Han rørte mange med ein sterk og personleg tale under den nasjonale minnemarkeringa i Oslo Spektrum i august same året:

«Som far, bestefar og ektefelle kan jeg bare ane noe av deres smerte.
Som landets konge føler jeg med hver enkelt av dere. [...] Tragedien har minnet oss om det grunnleggende som binder oss alle sammen i vårt flerkulturelle og mangfoldige samfunn.»

Ved fleire høve kom han attende til setninga om at fridomen er sterkare enn frykta.

Mange personar i offentleg og privat verksemd og diplomatar i Oslo gav uttrykk for at dei var imponerte over kunnskapane til kong Harald og den tydelege interessa han hadde for mange samfunnsforhold, både nasjonalt og internasjonalt. Å vere monark i eit konstitusjonelt monarki som i Noreg, der monarken har svært avgrensa og mest symbolsk makt, er ein vanskeleg balansekunst. Kong Harald gjorde det på ein måte som vekkjer respekt hos folk flest. Jamt over 70 prosent av folket var tilhengjarar av monarkiet i hans regjeringstid, og endå fleire var positive til måten kong Harald løyste oppgåvene sine på. Derfor var det lite snakk om innføring av republikk i hans tid som konge.

Idrettsmann og administrator

Kong Harald var i likskap med far sin ein ivrig og dugeleg seglar. Her er han som ung kronprins under OL i Tokyo i 1964. Der blei han blant dei beste norske utøvarane med ein åttandeplass. Kronprinsen var norsk flaggberar under innmarsjen. Han var òg OL-deltakar i 1968 og 1972.

Av /NTB ※.

Kong Harald var engasjert i fleire ulike organisasjonar. På fritida var han mellom anna ein dugande seglar, og han deltok i tre olympiske leikar, i 1964, 1968 og 1972. I VM hadde han fleire medaljar, inkludert gull med båten «Fram X» i 1987. Han hadde òg mange gode plasseringar i andre store turneringar, til dømes EM-gull i havsegling i 2005. Han var kjend som ein streng, men humørfylt skipper på seglbåtane. Han blei heidra med Holmenkollmedaljen i 2007 og Norges idrettsforbunds heiderspris i 2010.

Han var dessutan aktiv som idrettsadministrator. Til dømes samla han norske konkurranseseglarar i éin organisasjon og fekk dei med i Norges idrettsforbund. Han var òg aktiv i leiinga for OL på Lillehammer i 1994.

Kong Harald dreiv òg med ulike former for friluftsliv. Han var ein tolmodig laksefiskar og ein ivrig jeger.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bramsen, Bo (1992): Huset Glücksborg i 150 år, bind 1 og 2
  • Skaadel, Jardar og Skarsbø, Svein Erik (1998): Norske kongar og regentar : frå Harald Hårfagre til Harald 5.
  • Hegge, Per Egil (2006): Harald V : en biografi
  • Bomann-Larsen, Tor (2016): Hjemlandet
  • Stanghelle, Harald (2020): Kongen forteller

Faktaboks

Harald 5.

Kommentarar (2)

skreiv Torbjørn Greipsland

Da blir det tredje henvendele fra meg. Jeg synes disse bøkene bør bli med i litteraturlisten:*Kongen slik vi kjenner ham. Millennium (DAMM) 2000. Eneste bok der barn, unge og voksne i ulike stillinger sier sin mening om kong Harald og kongedømmet. Intervju med, omtale av, eller artikler av følgende: Georg Apenes som ønsket kronprins Haralds som president. Stortingsrepresentant for Ap. Martha Johannessen, som sa en norsk jente er like bra for Harald som en utvannet utenlandsk prinsesse. VG-journalist Annemor Møst, som mente kronprinsen burde ta nok en utenlandstur for å finne en passende ektemake. Biskop Finn Wagle, generalsekretær Ingrid Vad Nilsen, Norges Kristne Råd, fylkesmann Svein Alsaker, Magnhild og Per Borten, blant annet om ordener og om besøk av kong Olav i Flå, Guttorm Hansen, Lars Korvald, Thorbjørn Jagland, Kristin Clemet, Erik Solheim, Carl I. Hagen, Gunnar Kvassheim, LOs informasjonssjef Ellen Stensrud. Tema for de sist nevnte er særlig kongens makt og innflytelse. Intervju med Hallstein Braaten Bjercke, Norsk Elevorganisasjon, Øyvind Håbrekke, KrFU, Arild Gram, Senterungdommen, Anniken Huitfeldt, AUF-leder, Silje Schei Tveitdal, leder Natur og Ungdom, Helge Hjetland, leder Norsk Lærerlag, Anne Marit Hovstad, Norges Husmorforbund, Bente Breivik Petterson, Norges Håndballforbund, Ola Ødegaard, generalsekretær Landsforeningen Rettferd for taperne, Arne Skarpsno, Aslam Ahsan, Rune Bratseth, Anita Moen (Guidon), Hans Petter Buraas, Per Edgar Kokkvold, generalsekretær i Norsk Presseforbund, Torunn Ropstad, misjonær i Hong Kong, Per Bye Ohrstrom, generalkonsul Chicago, og direktør Knut Djupedal, Utvandrermuseet *Med konger og dronninger til kirke gjennom 1000 år. Luther Forlag 1995. Om de norske, dansknorske og svensknorske konger og dronninger. Medforfattere Audun Mosevoll, Tor Johannes Jensen og Egil Mongstad. Intervju med H.M. kong Harald, av redaktør Erling Rimehaug. Artikler av biskop Andreas Aarflot og lagtingspresident Jan P. Syse. ----- Mvh Torbjørn Greipsland

skreiv Ida Scott

Hei! Tusen takk for fyldig innspill og forslag. Litteraturlistene våre skal i hovedsak være en oversikt over litteratur brukt i forbindelse med skriving av artikkelen, ikke lister over all litteratur som finnes om emnet. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg