Faktaboks

Også kjend som
Tælavåg (eldre stavemåte)
Innbyggjartal
610 (SSB, 2025)
Landareal
0,8 km²
Tettstadsnummer
5183 Tælavåg
Telavåg er et fiskevær i Sund kommune i Vestland fylke.

Telavåg er ein tettstad i Øygarden kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,8 km², og har 610 innbyggjarar (2025).

Telavåg ligg ved bukta av same namn på vestsida av øya Sotra.

Næring, kultur og historie

Tettstaden har noko verkstadsindustri knytt til fisket. Her ligg Nordsjøfartsmuseet, som dokumenterer rolla til fiskeværet som sentrum for englandstransporten under andre verdskrigen og ikkje minst dei dramatiske hendingane våren 1942 då staden vart brunnen av tyskarane.

Som einaste tettstad i Noreg vart Telavåg 30. april 1942 jamna med jorda av tyske soldatar. Dette var ein represalie etter ein samanstøyt mellom tyske styrkar og Kompani Linge der to gestapomenn vart drepne. Som straff fekk Terboven rasert 300 hus, drepe buskapen og øydelagt fiskefartøya; likeins vart befolkninga på staden internert. Alle menn mellom 16 og 60 år, i alt 71, vart sende til Tyskland, der 31 døydde i fangenskap.

Namnet

Det første leddet er opphavleg eit gardsnamn, antakeleg Tælir, ei avleiing av norrønt tál, ‘list, svik, luring’, sidan våga lett kan forvekslast med eit sund. Det siste leddet i namnet er våg, ‘fjordbukt’.

Kart

Kart over Telavåg.
Telavåg, kart
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg