Karakteren Odyssevs, og handlinga i Odysseen, har inspirert kunstnarar, forfattarar og tenkjarar sidan antikken. Eit sentralt tema i forteljinga om Odyssevs er heimreisa, som grekarane kalla nostos (nostalgi).
I Den guddommelege komedie (1308–1321) av den italienske renessansediktaren Dante Alighieri møter forteljaren Odyssevs i dødsriket (Helvetet, XXVI, 55–142). Her blir det fortald ei nokså anna historie enn hjå Homer. Odyssevs seier at han og mennene hans drog frå trollkvinna Kirke og fór vestover på havet, før dei forliste og altså hamna i helvete.
I moderne litteratur er James Joyces Ulysses eit av dei viktigaste verka som har teke inspirasjon frå Odysseen. Dette er eit velkjent eksempel på intertekstualitet. I skandinavisk samanheng kan den svenske nobelprisvinnaren Eyvind Johnson nemnast: Romanen Strändernas svall (norsk gjendikting: Bølgene slår mot strand) frå 1946 er ei modernistisk gjenforteljing av Odysseen.
Odyssevs har også inspirert filosofar. I Opplysningens dialektikk bruker Theodor Adorno og Max Horkheimer dei mange oppfinnsame påfunna til Odyssevs som eksempel på dialektikken mellom myte og opplysning og menneskets impuls til å «overliste» naturen. Den italienske filosofen Adriana Cavarero tek utgangspunkt i at den enno ikkje gjenkjende Odyssevs får fortalt si eiga historie ved det fajakiske hoffet i bok VI av Odysseen for å utvikle omgrepet «Odyssevs-paradokset». For Cavarero illustrerer denne forteljinga at ingen har full kontroll over si eiga historie, og at kven vi er, blir forma av korleis andre forstår oss. Omgrepet blir utvikla i boka Tu che mi guardi, tu che mi racconti (omsett til engelsk under tittelen Relating Narratives: Storytelling and Selfhood).
Innanfor medisinen snakkar ein også om «Odyssevs-syndrom».
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.