Maghreb, på arabisk al-Maġrib المغرب, er ei samnemning for landa i Nordvest-Afrika: Marokko, Algerie, Tunisia, eventuelt også Libya og Mauritania.
Desse landa blir ofte omtala som arabiske, men dei har òg store etniske minoritetar som snakkar andre språk enn arabisk, særleg berberske språk.
Maghreb (al-Maġrib المغرب) viser på arabisk òg til Marokko aleine: al-Maġrib المغرب eller al-Mamlaka al-Maġribīya المملكة المغربية ‘Det marokkanske kongedømmet’ – eller bokstavleg ‘Det vestlege kongedømmet’.
Kommentarar (1)
skreiv Morten Seip
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.