Lilja er eit kristent dikt frå mellomalderen som retter seg til Maria.
Den sixtinske Madonna, Maria med den heilage Sixtus og Barbara, 1513–14, oljemåleri på lerret, Gemäldegalerie, Dresden.
Av .

Lilja er eit kristent kvad skrive på Island, sannsynlegvis tidleg på 1300-talet.

Kvadet er skrive av ein broder Øystein. Etter tradisjonen er broder Øystein identisk med augustinarmunken Øystein Åsgrimsson, som døydde i 1361 i Elgeseter kloster i Nidaros (Trondheim) etter å ha hatt høge geistlege embete. Det er likevel omstridd om det er Øystein Åsgrimsson som er opphavsmannen til kvadet.

Det 100 strofer lange diktet Lilja rommar eit einskapleg verds- og menneskesyn: frå skaparverket med triumfen for djevelen ved treet i Paradis til Kristi oppstandelse og triumf over djevelen ved treet til korset. Den største spaninga i diktet ligg mellom den djupt personlege opplevinga av synd og skuld og det mellomalderske «objektive» verdsdramaet. Det lyriske høgdepunktet finn vi i diktets siste del, der det glir over til å bli eit lovkvad til Maria (Jesu mor), med høg temperatur og stor dikterisk kraft.

Kvadet er sist gjendikta på norsk ved Knut Ødegård (1980).

Innhald

Tittelen Lilja er eit vanleg Maria-epitet. Diktet er ei dråpa (hyllingsdikt med stev) på 100 strofer til Maria, men i forma er diktet eit frelseshistoriedikt som fortel den kristne verdshistoria frå skapinga til den siste dommen.

Skalden byrjar med å be den treeinige Gud og Maria om hjelp til å dikte (str. 1–5), så blir det fortalt om skapinga, Lucifers fall, syndefallet og at Gud bestemmer seg for å la sonen sin fødast av Maria (str. 6–25).

Vidare blir det fortalt om bodskapen til Maria, Kristi fødsel og oppvekst, Lucifers svikplanar, Kristi undergjerningar, sviket frå Judas og korsfestinga (str. 26–50). Så følgjer skildring av Kristi liding og død på korset og Marias liding under korset, nedstiginga til dødsriket, oppstoda, utsendinga av Den Heilage Ande og den siste dommen (str. 51–75).

I den siste delen av diktet sannar skalden syndene sine og bed Gud og Kristus om miskunn (str. 76–85), deretter vender han seg til Maria i lovprising og bed om hennar forbøn (str. 86–96). Til slutt dediserer skalden diktet til Kristus og Maria og gjer diktet namn, og kvadet endar som det byrjar ved at strofe 100 og strofe 1 er identiske.

Komposisjon

Lilja er på nokre måtar ei tradisjonell norrøn dråpa. Men versemålet drottkvætt, som hadde vore det vanlegaste skaldeversemålet i hyllingsdikt, er bytt ut med versemålet hrynhent. På grunn av Lilja vart dette versemålet så populært at det vart omdøypt til liljulag.

Diktet er bygd opp strengt symmetrisk, og gjennom komposisjonen kjem det til syne ein kristen talsymbolikk. Dei 100 strofene står for dei 100 ord i Ave Maria. Ved at første og siste strofe er identiske, utgjer diktet ein sirkel, som er symbol for æva.

Den norrøne dråpa var tradisjonelt tredelt med innleiing (inngangr), midtparti med stev (bálkr) og avslutningsdel (slæmr). Tre-talet står i kristen symbolikk for den treeinige Gud, og trekanten i sirkelen, den triangulære sirkel, er symbol for inkarnasjonen. Lilja er tredelt (25 + 50 + 25 strofer), men Eystein bryt den tradisjonelle dråpaforma ved å dele midtpartiet i to like lange delar. Det oppnår han ved å gje dei to halvdelane i midtpartiet ulike stevstrofer, og midt i diktet, som skildrar korsfestinga og Kristi liding på korset, stiller han to stevstrofer inntil kvarandre (strofe 50 og 51). Denne komposisjonen markerer Kristus på korset som det sentrum all tilbeding og bøn skal rettast mot. Samstundes blir den tradisjonelt tredelte dråpa også delt i fire. Fire-talet står for jorda og materien. Tre-talet og fire-talet som kviler i kvarandre, viser at det guddommelege er til stades i det jordiske, Gud har vorte menneske gjennom Maria.

Diktet er eit djupt personleg religiøst dikt og ein summa theologiæ av ein lærd teolog på same tid. Det tradisjonelle norrøne skaldespråket er langt på veg erstatta av eit kriste biletspråk, lysmetaforikken har stor plass. Skalden tek eksplisitt avstand frå reglane i det gamle skaldespråket, som kunne gjere det vanskeleg å forstå innhaldet i diktet. Målet for Eystein er at bodskapen i diktet skal kome fram klart og tydeleg.

Betydning

Lilja kom til å øve stor påverknad på islandsk dikting i seinmellomalderen. Om diktet vart kjent i Noreg, veit vi ikkje. Men sidan skalden etter alt å døme hadde nær tilknyting til Helgeseter kloster, er det truleg at diktet må ha vore kjent i det minste i dei kyrkjelege krinsar i Noreg der Eystein ferdast.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Mundal, Else: Eystein Åsgrimsson i Norsk biografisk leksikon, 2. utgave.

Kommentarer

Kommentarer til artikkelen blir synlig for alle. Ikke skriv inn sensitive opplysninger, for eksempel helseopplysninger. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg