Ei sve er ei rydning i skogen der ein har brent trevirket for å så i oska.
Sve er svært vanleg i stadnamn, anten usamansett eller som sisteledd i samansetjingar. Det er ofte brukt om husmannsplassar eller småbruk under ein større gard.
Somme stader langs kysten tyder sve ei grunne, ei innelukka fjordstrekning eller ei innseiling.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.