Ål er ein kommune i øvre Hallingdal i Buskerud fylke, og omfattar hovuddalføret frå Trillhus til Kleiva med fjelltraktene på begge sider. Desse er klart størst på nordsida, og her har Hallingdal fleire sidedalar mot nordvest. Viktigast av desse er Votndalen som fører opp til fjellbygdene Leveld og Vats. I nord omfattar kommunen delar av fjellområdet Skarvheimen. Kommunen grensar til Hemsedal i nordaust, Gol i aust, Nesbyen i søraust, Nore og Uvdal i sør, Hol i sørvest og vest, og Lærdal i Sogn i Vestland fylke i nord.
Ål vart oppretta som kommune i 1838 etter at det kommunale sjølvstyret vart innført med formannskapslovene året før. Hol vart utskilt frå kommunen i 1877. I 1979 vart eit mindre område, Hjallestølen, overførd til Hemsedal, og i 2005 vart eit mindre skild ut frå Hol til Ål. Sidan har Ål hatt uendra grenser.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.