Faktaboks

Uttale

umbundu

Språkkodar
umb (UMB)
ISO-639:3
umb
Kartet viser etniske grupper og språk i Angola. Område der umbundu er majoritetsspråk (over 50 %), er merkte med ein mørk blåfarge. Område der det finst mange umbundu-talarar, men under 50%, er merkte med ein litt mindre mørk blåfarge.
Av .
Lisens: Wikipedia

Umbundu er eit afrikansk språk som blir snakka av nesten ein firedel av innbyggjarane i Angola, der det i 2024 budde nærmare 38 millionar menneske. Umbundu blir òg snakka av mindre grupper i Namibia.

Umbundu er eit bantuspråk. Bantuspråka høyrer heime i familien niger-kongospråk.

Det er det største språket i Angola, og mange snakkar det også som andrespråk. Dei fleste talarane bur i dei sentral angolanske provinsane Bié, Huambo og Benguela.

Ein person som høyrer til folkegruppa som snakkar umbundu, er ein ocimbundu, fleirtal ovimbundu. Språket blir òg kalla sør-mbundu, då i motsetnad til nord-mbundu, som er eit anna namn på det angolanske bantuspråket kimbundu. Trass i namnelikskapen er ikkje umbundu og kimbundu nære slektningar.

Umbundu har status som nasjonalspråk i Angola, ved sida av chokwe, kimbundu, kikongo, oshiwambo og luchazi.

Klassifisering

Umbundu er som nemnt eit bantuspråk. Innanfor bantuspråka høyrer umbundu heime i gruppe R i den geografiske klassifikasjonen til Malcolm Guthrie (sjå artikkelen Bantuspråka). Språka i gruppe R blir snakka i det sørvestlege Afrika, først og fremst i Angola og Namibia.

R har undergruppene R10 Umbundu-gruppa, R20 Wambo-gruppa, R30 Herero-gruppa og R40 Yeyi-gruppa. Umbundu er det viktigaste språket i R10 Umbundu-gruppa.

Språka i undergruppene R10, R20 og R30 (men ikkje R40) skil seg frå andre bantuspråk ved at veldig mange substantiv byrjar med vokalen o, som illustrert i tabellen nedanfor, der umbundu, ndonga og herero er jamførte med sju bantuspråk i andre undergrupper. Sjå meir i avsnittet Morfologi under Struktur.

gruppe språk 'menneske' 'hund'
R10 umbundu omunu ombwa
R20 ndonga omuntu ombwa
R30 herero omundu ombwa
H20 kimbundu mutu imbua
A20 duala moto mbɔ
G40 swahili mtu mbwa
K40 subiya muntu umbwa
S10 shona munhu imbwa
S30 tswana motho ntšwa
S40 zulu umuntu inja

Merknader om dei språka i tabellen som ikkje er nemnde i eigne artiklar i SNL:

Ndonga blir snakka i det sørlege Angola og det nordlege Namibia; duala blir snakka i det sørlege Kamerun; subiya blir snakka i Caprivi-stripa i Namibia og i tilgrensande område av Botswana og Zambia.

Historie og status

Den første grammatikken over språket umbundu, Grammatica do umbundu ou lingua de Benguella, skriven av José Pereira do Nascimento, kom ut i Lisboa i 1894.
Den første umbundu-grammatikken
Lisens: CC BY SA 3.0

Mens det angolanske språket kimbundu blei beskrive av katolske misjonærar alt på 1600-talet, kom det ikkje misjonærar til ovimbundu før på 1800-talet, og den første ordboka for umbundu blei gitt ut i 1885 og den første grammatikken i 1894; sjå Sanders (1885) og Nascimento (1894) i litteraturlista.

Under den angolanske borgarkrigen, som varte frå frigjeringsåret 1975 og med nokre avbrot fram til 2002, flykta mange ovimbundu til andre delar av landet. Det bur òg mange ovimbundu i Portugal og Brasil.

Umbundu har vore med i fleire alfabetiseringsprosjekt, mellom anna eit i 1981–1982 som var støtta av UNESCO og som førte til ei viss standardisering av ortografien. Språket blir også brukt i Angolas nasjonale radio og fungerer som lingua franca over heile landet.

Struktur

Fonologi og ortografi

Umbundu har fem orale og fem nasale vokalar som blir skrivne i e a o u ĩ ẽ ã õ ũ, heilt i samsvar med ein IPA-transkripsjon.

Konsonantane er presenterte i tabellen nedanfor, i ortografisk form, men lydskrift i tillegg når skrivemåten ikkje samsvarer med IPA.

labial alveolar palatal velar glottal
p t c [ʧ] k
mb nd nj [nʤ] ng [ŋɡ]
m n ny [ɲ] ñ [ŋ]
f s h
v [ʋ] l y [j] w

Eit karakteristisk drag ved konsonantsystemet er at stemde plosivar og affrikatar berre finst som ein del av dei prenasale konsonantane mb nd nj ng. Det portugisiske ordet Bíblia 'Bibel' er lånt som Embimbiliya, der mb erstattar portugisisk b.

Konsonantane v, l, y, w og h blir uttalte med nasalering når følgjande vokal er nasal. Til dømes er h nasalert i ordet olunyihĩ 'bie'.

Ortografien til umbundu er ikkje heilt fast, og ein finn til dømes tch i staden for c [ʧ], nh i staden for ny [ɲ] og ñg i staden for ñ [ŋ]. I denne artikkelen følgjer skrivemåten bibelomsetjinga til umbundu frå 1963, Embimbiliya – Bíblia sagrada em umbundu (utgitt av det angolanske bibelselskapet).

Umbundu er eit tonespråk, med eit skilje mellom ein høg tone og ein låg tone. Tonane er ikkje merkte i vanleg ortografi. I denne artikkelen er tonane merkte på nokre ord – den høge tonen med ein akutt aksent, den låge tonen er med ein grav aksent, som i substantiva ócínyámà 'dyr' og úmbúndù 'umbundu'.

Nokre ord har såkalla downstep. Det inneber at nokre høge tonar er uttalte litt lågare enn den høge tonen rett føre, som i ó!ndímbà 'hare', der det heva utropsteiknet viser at den følgjande stavinga, ndí, har dowstep.

Morfologi

Som andre bantuspråk har umbundu mange genus (grammatiske kjønn) og ein rik verbmorfologi. Det sistnemnde kan illustrerast med ei verbform som tyder 'vi gjekk ikkje dit for å takke dei for dykk' — rett nok eit uvanleg innfløkt døme:

katwakavaupandwililiko

Forma kan analyserast slik:

Umbundu har ti genus, med eigne prefiks i eintal og fleirtal, som vist i tabellen under. Når prefiksa inneheld ein konsonant, begynner dei alltid med ein o-, eit såkalla augment, som er omtalt i avsnittet Klassifisering ovanfor, som eit særdrag ved undergruppene R10, R20 og R30.

genus eintal fleirtal døme (eintal / fleirtal)
1 u- / omu- a- ufeko / afeko 'jente'
2 u- ovi- uti / oviti 'tre
3 e- a- / ova- epya / ovapya 'gard'
4 oci- ovi- ocina / ovina 'ting'
5 on- olo(n)- onjila / olonjila 'fugl'
6 olu- olo(n)- olunyihĩ / olonyihĩ 'bie'
7 olu- a- / ova- olusinga / alusinga 'blodåre'
8 oka- otu- okañelẽ / otuñelẽ 'ekorn'
9 u- a- / ova- ulima / alima 'år'
10 oku- a- / ova- okulu / ovolu 'bein'

Adjektiv, talord, determinativ og pronomen kongruerer med substantivet dei står til i genus og tal.

Syntaks

Umbundu er eit SVO-språk, der subjektet (S) kjem føre og objektet (O) etter verbalet (V), som i setninga alume vakupula onjo itito 'mennene reiv det vesle huset':

subjekt verbal objekt
alume vakupula onjo itito
menn reiv hus lite

I nomenfrasen kjem hovudet (overleddet) først, og så følgjer adledda (attributtane) etter, som i objektet onjo itito 'det vesle huset', med hovudet onjo 'hus' føre adleddet itito 'lite'.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Assis Junior, A. de [u.å.]. Dicionário kimbundu-português, linguístico, botânico, histórico e corográfico. Seguido de um índice alfabético dos nomes próprios. Luanda: Edição de Argente, Santos & Ca.
  • Embimbiliya – Bíblia Sagrada em Umbundu 1963. (Bibelen på umbundu.)
  • Sanders, William Henry 1885. Vocabulary of the Umbundu language: comprising Umbumdu-English and English-Umbundu: lists of three thousand words used by the inhabitants of Bailundu and Bihe, and other countries of West Central Africa. Boston: American Board of Commissioners for Foreign Missions.
  • Guthrie, Malcolm 1967–1971. Comparative Bantu 1–4. Farnborough: Gregg Press Ltd.
  • Lecomte, Ernesto 1963. Método prático da língua mbundu falado no distrito de Benguela. Coimbra: Oficinas da Gráfica de Coimbra.
  • Malumbu, Moisés 2007. Gramática da língua umbundu. Onungandaka y'elimi ly'umbundu. Umbundu–portugues. Roma: Edizioni Vivere IN.
  • Nascimento, José Pereira do 1894. Gramática do umbundu ou lingua de Benguela. Lisboa: Imprensa nacional.
  • Schadeberg, Thilo C. 1982. Nasalization in UMbundu. Journal of African Languages and Linguistics 4:109-132.
  • Schadeberg, Thilo C. 1990. A sketch of Umbundu. (Grammatische Analysen afrikanischer Sprachen, 1.) Köln: Rüdiger Köppe Verlag.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg