I den første formingstida etter Muhammads død begynte mange muslimske tenkarar å drøfte dei store spørsmåla i religionen. Kva ville det seie at Gud er allmektig og allvitande, og kva er Guds rettferd? Kunne dei truande dømmast på Dommedag for å ha gjort noko som Gud sjølv hadde bestemt? I desse og andre spørsmål hadde ulike lærde forskjellige svar. Kalifen prøvde tidleg på 800-talet å lage ein felles teologi ved å peike på ei bestemt teologisk retning som «offisiell lære». Denne retninga, mutazila, brukte argumenterande logikk for å vise korleis Gud var rettferdig på ein måte som menneska kunne fatte. Men fleirtalet av dei lærde meinte Guds openbaring, Koran-teksta, måtte stå over all menneskeskapt logikk, og dei forkasta også at kalifen, ein politisk leiar, skulle bestemme over teologien. Dei avviste derfor dette forsøket på harmonisering, og kalifen måtte gi opp forsøket på å fremme mutazila-teologien. (Den skulle seinare få større innverknad i sjiaislam). Det er i denne teologiske motstanden mot kalifen ein kan sjå spirene til ei «generell teologisk rørsle» som seinare skulle bli til sunniislam.
Utover på 800-talet samla det seg også nokre grupper som meinte at leiaren av det islamske samfunnet, imamen, måtte komme frå Muhammads eigen slekt. Dei første som utforma dette til eit teologisk alternativ var zaydi- og isma’ili-retningane av det som nå vart heitande sjiaislam (etter shi’at Ali, «Alis gruppe»). I hundreåret etter og utpå 1000-talet samla også dei som skulle bli den dominerande innan sjiaislam, «tolvar-» eller imami-retninga, seg til eit teologisk alternativ uavhengig av den «generelle teologiske rørsla».
Dei som ikkje høyrde til desse mindretals-gruppene hadde ennå ikkje nokon felles teologi, dei debatterte framleis dei store spørsmåla med mange svar. Men på 900-talet tok fleire og fleire lærde til å samle seg rundt tankane til to store teologar som la grunnlaget for ei felles forståing. Etter kvart samla dei fleste i den «generelle rørsla» seg om deira tankar, og dei slik la grunnlaget for sunniislam som ei felles ramme for det store fleirtalet av truande.
Den mest kjente av dei var Abu al-Hasan al-Ashari (874–935). Han brukte formell logisk argumentasjon (kalam) på same måte som mutazila. Men han brukte logikken til å argumentere for dei standpunkta som dei tradisjonsbundne hadde hevda. Menneska kan ikkje vurdere Guds rettferd, den ligg til Gud åleine over vår forstand. Når vi gjer ei vond handling, så er det Gud som har skapt den handlinga. Men mennesket har det i seg å kunne velje å utføre eller ikkje utføre denne handlinga. Derfor er det rettferdig at Gud dømmer den som vel det vonde. Når vi i Koranen møter ei utsegn vi ikkje kan forstå, må vi godta den «utan å spørje kvifor», fordi Gud er skaparen.
Den andre sentrale teologen, Abu Mansur al-Maturidi (853–944) frå Samarkand, er meir kjent i den austlege delen av den muslimske verda. Som al-Ashari, argumenterte han logisk for ein tradisjonsbasert teologi, men skilte seg frå al-Ashari ved at han meinte trua var uavhengig av handlingar, altså at ein «grov syndar» kunne framleis vere truande. Det er dermed opp til Gud, og ikkje menneska å skilje mellom truande og ikkje-truande. Dette standpunktet låg nær opp til synet til juristen Abu Hanifa, som også hadde særleg mange tilhengarar i same området.
Den tredje store lærde som etablerte sunniislams teologi var Abu Hamid al-Ghazali (1058–1111). Han var inspirert av al-Ashari og utvikla vidare teologiens basis i aristotelisk logikk. Han er særleg kjent fordi han arbeidde for samordning av den islamske mystikken (sufismen) og sharia-basert teologi. Hans mest kjente verk, Iḥyā ʿulūm al-dīn («Gjenoppliving av truas vitskap») er framleis i dag eit sentralt verk som blir lest av millionar av muslimar verda over.
Det er også på 1000-talet at det er meir tydeleg at sunni- og sjiaislam blir til kjennemerke også utanfor dei lærdes rekker. Det kan vi sjå når kalifen i Bagdad mobiliserte store folkegrupper av «sunniens forsvarar» mot bydelar dominert av sjiamuslimar, og kvar av gruppene tok til våpen. Vi kan rekne med at sunniislam då ikkje berre er blitt eit teologisk system, men også ein sosial kategori i kontrast til sjiamuslimar. Seinare vart «forsvaret av sunniislam» fleire gonger brukt som politisk slagord av herskarar i strid med sjia-dominerte statar, men dei to gruppene har også i lange periodar budd fredeleg om kvarandre, dei feirar hajj saman og anerkjenner kvarandre gjensidig som truande.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.