Faktaboks

Også kjend som

sidamo

Språkkodar
sid (SID)
ISO-639:3
sid

Sidama er eit språk som høyrer til den kusjittiske språkgruppa i den afroasiatiske språkfamilien. Endonymet for språket er sidaamu afoo. Det blir snakka som førstespråk av om lag 4 millionar menneske.

Dei fleste som snakkar sidama, bur i Regionen Sidama – på sidama Sidaamu Qoqqowo – i det sørlege Etiopia. Regionen blei skild ut frå Regionen av sørlege nasjonar, nasjonalitetar og folk (SNNPR) i 2020, etter ei folkeavrøysting.

Klassifisering

Sidama er eit kusjittisk språk. Det er allmenn semje om at dei språka som blir kalla kusjittiske, høyrer til den afroasiatiske språkfamilien. Dei kusijittiske språka blir delt i fire undergrupper – sentralkusjittisk, austkusjittisk, nordkusjittisk og sørkusjittisk – men det er usikkert om dei utgjer éi grein eller fire greiner av afroasiatisk.

Austkusjittisk har ti undergrupper, og sidama høyrer til høglandsgruppa (Highland).

Historie

Den første kjende kjelda til sidama skriv seg frå den baskisk-irske oppdagingsreisande Antoine Thomson d’Abbadie d’Arrast (1810–1897), som var på ekspedisjon i Etiopia frå 1837 til 1849. Han kom heilt sør til kongedømmet Kafa (Kaffa), rett vestanfor det sidamatalande området. Kring 1845 laga han ei liste med ord frå sidama – personnamn og eit grunnleggjande vokabular. Ordlista ligg i Det franske nasjonalbiblioteket.

Det sidamatalande området blei erobra av keisar Menelik II i 1891 og innlemma i Etiopia som provinsen Sidamo. Sidamo blei styrt av amharisktalande tenestemenn, og sidamo hadde ingen offisiell status. Dette var i hovudsak stoda også under keisar Haile Selassie I, som styrte frå 1930 til 1974. Europeiske misjonærar gav ut religiøse tekstar i etiopisk skrift.

Dei første meir omfattande beskrivingane av sidama er Cerulli (1938) og Moreno (1940). Seinare har det kome ut fleire andre, mellom anna Kawachi (2007). Den norske teologen, misjonæren og lingvisten Kjell Magne Yri (fødd 1943) har gitt ut fleire publikasjonar om sidama. Han arbeidde i tolv år med å setje om Det nye testamentet til sidama, fram til 1988.

Etter revolusjonen i 1974 sette Dergen – som styrte Etiopia frå 1974 til 1991 – i gang alfabetiseringskampanjar på fleire større språk, og det blei for første gong publisert undervisningsmateriale på sidama, i etiopisk skrift.

Ei større endring skjedde etter at president Mengistu Haile Mariam blei styrta i mai 1991. Alt same sommaren tok oromo i bruk ei rettskriving basert på det latinske alfabetet, og sidama følgde etter i 1993. Sidama tok i bruk dei same konvensjonane som ein hadde kome fram til for oromo, til dømes med ein særskild bruk av bokstavane c q og x. Denne varianten av det latinske alfabetet, med ein særskild og original bruk av fleire bokstavar for å gi att nokre av konsonantane i kusjittiske språk, blir omtala som qutee /k'utee/ 'alfabet, bokstav' på oromo.

Struktur

Fonologi og ortografi

Sidama har eit relativt stort fonemsystem, her presentert ortografisk (i kursiv) og fonemisk (mellom skråstrekar):

Alle vokalar og konsonantar kan vere både korte og lange. Dei lange er skrivne med fordobling av teiknet for den korte – jamfør til dømes desse orda, som illustrerer kort og lang /i/ og /n/:

  • sinna ‘greiner’ – siinna ‘kaffikoppar’
  • dina ‘å halte’ – diina ‘fiende’

Lange ph dh ch sh ny blir skrivne pph ddh cch ssh nny.

Alle ord har ein aksent, realisert som ein høg tone. Dersom lange vokalar blir analyserte som to korte, kan ein seie at aksenten ligg på den neste siste korte vokalen i ordet. Regelen gjeld for ord i isolasjon. Aksenten er her merkt med ein akutt aksent (´):

  • hincilállo ‘spegel’
  • aiyaána ‘ånd’
  • uúlla ‘jord, land’
  • hunkée ‘sveitte’

Reglane for plasseringa aksenten er meir innfløkte når ordet står i ei setning.

Morfologi

Sidama er eit agglutinerande språk med mange bøyings- og avleiingssuffiks. Det finst seks kasus: nominativ, akkusativ, genitiv, dativ, allativ og ablativ. Eit karakteristisk drag ved kusjittiske språk er at alle kasusane er uttrykte med eigne suffiks, bortsett frå akkusativ.

Syntaks

Sidama er eit SOV-språk — setninga har subjektet (S) fremst og verbalet (V) sist, med mellom anna objektet (O) mellom, som i denne setninga (nom er ei forkorting for nominativ; analysen er noko forenkla):

  • Hanaaxicchu woxe hakimicchaho ui.
  • ‘Snikkaren gav dokteren pengar.’
subjekt direkte objekt indirekt objekt verbal
hanaaxicch-u woxe hakimiccha-ho u-i
den høg-snikkar–nom pengar dokter-dativ gi-perfektiv

I nomenfrasen står hovudet til slutt. I følgjande setning er hanaaxicchi ‘snikkar’, woxe ‘pengar’ og hakimicchira ‘dokter’ hovud i kvar sin nomenfrase:

  • Hakku seedu hanaaxicchi shiima woxe konni danchu hakimicchira ui.
  • ‘Den høge snikkaren gav litt pengar til denne gode dokteren.’
subjekt direkte objekt indirekte objekt verbal
nomenfrase nomenfrase nomenfrase
hakku seed-u hanaaxicch-i shiima woxe konni danchu hakimicchi-ra u-i
den høg-nom snikkar-nom litt pengar denne god dokter-dativ gi-perfektiv

Eit substantiv som er hovud i ein nomenfrase, har bøying som viser om hovudet har eller ikkje har adledd (attributtar). Maskulinum nominativ har suffikset -u når hovudet ikkje har adledd og -i når det har adledd; maskulinum dativ har suffikset -ho når hovudet ikkje har adledd og -ra når det har adledd. Fenomenet er skildra i Yri (2013).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Cerulli, E. 1938. La Lingua e La Storia dei Sidamo. (Studi Etiopici, II.) Roma: Instituto Per l'Oriente.
  • Kawachi, K. 2007. A grammar of Sidaama (Sidamo), a Cushitic language of Ethiopia. Ph. D. thesis, University at Buffalo, the State University of New York.
  • Moreno, M. M. 1940. Manuale di Sidamo. Milano: Mondadori.
  • Yri, Kjell Magne. 2004. Orthography and phonology in Sidaamu Afoo (Sidamo). Journal of Ethiopian Studies XXXVII(1). 41-56.
  • Yri, Kjell-Magne 1982. Dictionary: English-Sidaamu 'afo. Awasa (Ethiopia): Norwegian Lutheran Mission.
  • Yri, Kjell-Magne 1981. Short course in Sidaamu 'afo. Awasa (Ethiopia): Norwegian Lutheran Mission.
  • Yri, Kjell-Magne 2013. A peculiarity of copula and case marking in Sidaamú ʔAfó: Signalling modified/unmodified head. S. 157–164 i Marie-Claude Simeone-Senelle and Martine Vanhove (eds.), Proceedings of the 5th International Conference on Cushitic and Omotic Languages, Paris, 16-18 April 2008. Köln: Rüdiger Köppe Verlag.
  • Yri, Kjell-Magne. 1990. A contribution to the understanding of assimilation and metathesis in Sidamo. Oslo: Lunde Forlag.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg