Sango utvikla seg som lingua franca frå 1880-talet i kontakten mellom lokale folkegrupper og europeiske kolonistar. Det er ein forenkla – eller pidginisert – variant av språket ngbandi, som blir snakka langs dei øvre delane av elva Ubangi i Den sentralafrikanske republikken. Sango og ngbandi er ikkje innbyrdes forståelege.
I utgangspunktet hadde ikkje sango førstespråkstalarar, men etter kvart fekk mange yngre folk i byane sango som førstespråk, slik at språket blei kreolisert.
Frankrike etablerte kolonien Ubangi-Chari (fransk Oubangui-Chari) i 1894, og Den katolske kyrkja starta misjon i området same året. I førstninga brukte dei lokale språk i arbeidet sitt – Den sentralafrikanske republikken har 80 etniske grupper som snakkar 69 ulike språk – men gjekk seinare over til å bruke sango. I 1921 begynte også protestantiske misjonærer å arbeide i kolonien, og dei valde sango som sitt kyrkjespråk. Protestantiske og katolske misjonærar skreiv sango kvar på sin måte og styresmaktene på måtar som avveik frå begge. Lærebøker og grammatikkar skrivne av lingvistar brukte fonemisk transkripsjon.
Den første beskrivinga av språket sango er truleg Vocabulaire français-sango et sango-français, précédé d'un abrégé grammatical, som den katolske presten J. Calloc'h gav ut i 1911.
I 1965, fem år etter at Ubangi-Chari blei ein sjølvstendig stat – Den sentralafrikanske republikken – fekk sango status som nasjonalspråk. I 1966 kom heile Bibelen ut på sango, med ei franskbasert rettskriving. Franske lånord er skrivne i vanleg fransk rettskriving, til dømes acréé 'skapte' og lumière 'lys'. (A-en i acréé er ein subjektmarkør).
I 1984 fekk sango ein offisiell ortografi, som følgde heilt andre prinsipp. Mellom anna blir no tonane markerte. I 2019 blei rettskrivinga revidert på nokre punkt.
Frå 1976 til 1980 blei det gjort forsøk med sango som undervisningsspråk dei første åra på grunnskulen. Dette blei avslutta på grunn av manglande økonomiske støtte og den utbreidde haldninga at berre fransk høyrer heime i utdanningssystemet.
Sango blei offisielt språk i 1991, ved sida av fransk.
Bortsett frå religiøs litteratur er det lite som blir utgitt på sango. Frå 1974 til 1981 kom det ut ei avis på sango, med eit opplag frå kring 5000. Ho var støtta økonomisk av UNESCO. I dag finst nokre franskspråklege aviser i hovudstaden Bangui (med opplag på nokre hundre), men ingen på sango. Radioen er den viktigaste kjelda til nyheiter i landet.
Truleg meistrar over 90 prosent av innbyggjarane i landet sango, mens under 30 prosent kan fransk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.