Faktaboks

Eige namn
ikinyarwanda
Norsk namn
rwanda
Også kjend som

kinyarwanda, ruanda (forelda skrivemåte)

Uttale

ruanda

Førstespråksbrukarar
15 millioner
Andrespråksbrukarar
5 millioner
Skriftsystem

Latinsk alfabet

Språkkodar
rw, kin (RW, KIN)
ISO-639:3
kin
Rwandisk 5000-francseddel frå 2009. Teksten på seddelen er på språket rwanda (kinyarwanda), eit bantuspråk og nasjonalspråk i Rwanda. Namnet på sentralbanken, Banki Nkuru y’u Rwanda, viser mellom anna den karakteristiske bruken av prefiks og vokalsamband i bantuspråka. Nederst står Amafaranga ibihumbi bitanu ‘fem tusen franc’, der ibihumbi bitanu tyder ‘fem tusen’ og illustrerer korleis talord kongruerer grammatisk med substantivet. Seddelen viser òg fleire trekk ved rwandisk ortografi, mellom anna den høge frekvensen av vokalar og konsonantkombinasjonar som rw, bw og by.
Rwandisk 5000-francseddel
Av /Shutterstock.

Rwanda er eit bantuspråk som er førstespråket (morsmålet) til 12,3 millionar menneske, eller nærmare 94 prosent av innbyggjarane, i Rwanda og 2,5 millionar i Kongo, Uganda, Tanzania og Burundi.

Endonymet (namnet som talarane sjølve brukar) er Ikinyarwanda. På norsk og fleire andre europeiske språk blir det òg kalla kinyarwanda, som språket heiter på swahili.

Klassifikasjon og dialektar

Språket er nært i slekt med rundi. Dei to språka høyrer begge heime i undergruppa J av nordaustlege bantuspråk. Denne undergruppa inneheld 62 språk. Bantuspråka utgjer ei undergruppe av benue-kongospråka, som er ei undergruppe av språkfamilien niger-kongospråk.

Det er relativt små dialektskilnader i rwanda, og alle dialektar er innbyrdes forståelege. Ein skil mellom ein nordleg, ein sørleg, ein vestleg og ein sentral dialekt. Den sentrale dialekten blir nytta i og omkring hovudstaden Kigali og blir rekna som standarddialekten, som skriftspråket byggjer på. Denne dialekten blir også nytta i radio og tv.

Historie

Utviklinga av eit standardisert rwandisk skriftspråk byrja seint på 1800-talet, då katolske og protestantiske misjonærar sette om religiøse tekstar, mellom anna Bibelen. Misjonærane spela også ei viktig role i fremjinga av lese- og skrivekunne.

Då Rwanda blei ein sjølvstendig stat i 1962, fekk rwanda status som nasjonalspråk, men fransk, som var innført av dei belgiske kolonimaktene, heldt fram som hovudspråk i administrasjon og utdanning. Det blir undervist i rwanda berre på dei første trinna på grunnskulen.

Struktur

Fonologi

Enkeltkonsonantane i rwanda
Lisens: CC BY SA 3.0

Rwanda har dei fem korte vokalane /i e a o u/ og dei fem lange vokalane /iː eː aː oː uː/, men dei korte og dei lange er ikkje skilde ortografisk, og blir begge skrivne i, e, a, o, u.

Språket har dei 24 eller 26 enkeltkonsonantane i Tabell 1, med dei fem orale artikulasjonsstadene labial, alveolar, postalveolar, palatal og velar. Dei to konsonantane i parentes har ikkje fonemisk status i alle dialektar.

Rwanda har mange konsonantgrupper, av typane NK, KK og NKK, der K = ikkje-nasal konsonant og N = nasal konsonant. Døme på NK er /mb nd nɡ mp nt nk mf ns nʃ mv nz nʒ/. Gruppene /mp nt nk/ blir uttala om lag som [mh nh ŋh]. Grupper av typen KK blir skrivne som konsonant + y eller w, der y blir uttala [c], [ɟ] eller [ɲ], mens w blir uttala [kʷ], [ɡʷ] eller [ŋʷ], som i desse døma:

  • py [pc], by [bɟ], my [mɲ]
  • pw [pkʷ], bw [bɡʷ], mw [mŋʷ]
  • ty [tc], dy [dɟ], nny [nɲ]
  • tw [tkʷ], dw [dɡʷ], nw [nŋʷ]

Språket skil mellom ein høg (H), ein låg (L) tone og ein fallande (HL) tone. Tonane er ikkje markerte ortografisk, som i dette dømet, der H er merkt med ´, L med ̀ og HL med ̂ i den fonemiske transkripsjonen:

  • Ortografisk: Kino gitabo ni gishya.
  • Fonemisk: /kînò ɡìtàbò nì ɡíɕà/
  • Tyding: 'Denne boka er ny.'

Morfologi

Substantiva i rwanda har 13 genus (grammatisk kjønn) med eigne prefiks i eintal og fleirtal, som illustrert med fire genus i denne tabellen – ortografisk, med bindestrek mellom prefiks og stamme:

  • umu-ntu 'menneske', fleirtal aba-ntu
  • iki-ntu 'ting', fleirtal ibi-ntu
  • uru-dodo 'tråd', fleirtal in-dodo
  • aka-nwa 'munn', fleirtal utu-nwa
  • ubu-shyo '(ku)flokk', fleirtal ama-shyo

Adjektiv, talord, determinativ, possessiv og verb kongruerer med substantiv i genus. Her er det illustrert med talord:

  • umu-ntu u-mwe 'eitt menneske'
  • aba-ntu ba-biri 'to menneske'
  • iki-ntu ki-mwe 'éin ting'
  • ibi-ntu bi-tatu 'tre ting'

Her er to setningar som viser korleis både adjektiv, talord og verb kongruerer med substantivet:

'éi stor bok er nok':

Substantiv Talord Adjektiv Verb
igi-tabo ki-mwe ki-nini ki-rahagije
bok éi stor er nok

'tre store bøker er nok':

Substantiv Talord Adjektiv Verb
ibi-tabo bi-tatu bi-nini bi-rahagije
bøker tre store er nok

Syntaks

Som andre bantuspråk er rwanda eit SVO-språk: Subjektet (S) står føre verbalet og objektet kjem etter verbalet, som i setninga 'jegeren skaut elefanten':

Subjekt Verbal Objekt
umuhigi yarashe inzovu
jeger skaut elefant

Som fleire eksempel i avsnittet om morfologi viser, står attributtane (adledda) etter hodet (kjernen, overleddet) i ein nomenfrase. Dette betyr 'tre store bøker':

Hovudledd Adledd Adledd
ibitabo bitatu binini
bøker tre store

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Zorc, R. David & Louise Nibagwire 2007. Kinyarwanda and Kirundi Comparative Grammar. Hyatsville, MD: Dunwoody Press.
  • Kimenyi, Alexandre 1978. A Relational Grammar of Kinyarwanda. Berkeley, Los Angeles, London: University of California Press.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg