Monokultur er dyrking av same planteart eller kulturvekst på same jordstykke i år etter år, utan å skifte med andre artar eller vekstar. Monokultur er vanleg praksis i dagens dyrking av gras og korn. I praksis vil det vere gunstig med vekstskifte mellom korn og andre vekstar som gras, ryps/raps eller grønsaker.

Faktaboks

Uttale

monokultur

Etymologi

av mono-, «åleine, einaste»

Monokultur over år kan utarme jorda og gjere den avhengig av stadig gjødsling. Vekstane i ein monokultur er også sårbare for skadegjørere, som gjer det naudsynt å bruke plantevernmiddel.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg