Helligskogen leir i Skibotndalen i Troms. Leiren vart bygd under den kalde krigen som underavdeling av Skjold/Maukstadmoen leir.
/Forsvaret.
Lisens: CC BY 2.0

Militærleir er eit anlegg for militært personell og/eller materiell. I opphavleg forstand kan ein hevde at ein militærleir, jamfør etymologien, er motsatsen til ein garnison, som er ein stad med faste militære styrkar. Omgrepet er elles vidfemnande, og det er difor vanskeleg å gje det éin bestemd definisjon. Ein militærleir kan best beskrivast ut frå til dømes kva oppgåver og brukarar han har, plassering, utforming, og kvifor og når han vart oppretta.

Faktaboks

Etymologi

Av leir, samling av telt, brakkar, provisoriske hus med vidare til mellombels opphald.

Ein militærleir kan vere heilt provisorisk, ha ein mellombels karakter eller vere permanent. Han vil som regel leggje beslag på eit avgrensa og ofte avsperra område. Storleiken kan variere frå ei lita samling bygg og anlegg til store byliknande strukturar.

Fort Bragg (ei stund også kalla Fort Liberty) i Nord-Carolina er blant USAs største militærleirar. Leiren dekkjer i dag eit areal 50 % større enn Oslo kommune. Meir enn 65 000 menneske har sitt daglege virke i leiren. Av desse er omkring 55 000 i militær teneste og resten sivilt tilsette.

Biletet viser dei byliknande strukturane til leiren til høgre, flyplass med vidare øvst til høgre og vidare vestover (til venstre) dei enorme øvingsområda til leiren.

Fort Bragg
Av /NASA Earth Observatory.
Lisens: CC BY SA 2.0

Bakgrunn

Telthus: Det eldste telthuset på tidlegare Sør-Gardermoen leir vart teke i bruk i 1740. Det har vorte flytta eit par gonger opp igjennom tida og fekk den noverande plasseringa si i 1997 i samband med tillaging av Oslo lufthamn Gardermoen.
Museene i Akershus.
Lisens: CC BY 2.0
Heistadmoen leir fotografert i 1916. Leiren hadde då fått ein heil del bygningsmasse, men framleis er telt i bruk på ekserserplassen.
/Telemark museum.
Lisens: CC BY 2.0

At det heiter militærleir har å gjere med at dei første slike var enkle sesongmessige teltleirar som vart sette opp i samband med til dømes militær øving. Tilsvarande var det også i andre land – på svensk heiter det militärläger, på engelsk kan det heite military camp med vidare. I Noreg vart desse typisk sette opp på ekserserplassane. Slike hadde vorte etablerte i store delar av landet frå 1600- og særleg 1700-talet av. Utover 1800-talet skjedde ei modernisering av forsvarsmakta, og ein fekk høgare krav til effektivitet og funksjonalitet, hygiene, tryggleik og kanskje også komfort. Resultatet var at Forsvaret utstyrte ekserserplassane med visse typar bygg. Tidlegare var som regel enkle depot, såkalla telthus, einaste faste bygningsmasse slike stader, viss noko.

Mot slutten av 1800-talet var telt og teltplassar framleis dominerande på øveplassane i Noreg, men då hadde fleire -moar også fått ein del varig bygningsmasse i tillegg. Til dømes har både Terningmoen (Elverum), Jørstadmoen (Lillehammer) og Setnesmoen (Åndalsnes) hatt fast bygningsmasse i mykje meir enn 100 år. Tida for at ein militærleir nødvendigvis måtte ha provisorisk karakter var altså forbi allereie på slutten av 1800-talet.

Permanente militærleirar har bygg og anlegg etter det dei vart etablerte for og blir brukte til. Mange har også vorte reiste med eitt formål, og seinare fått annan bruk.

Omgrepet militærleir vert gjerne knytt til Hæren. Innan Hæren kan det igjen finnast eigne leirar for dei ulike våpenartane, som infanteri-, kavaleri- og sanitetsleirar. Men også andre delar av Forsvaret har etablissement som kan seiast å vere militærleirar, sjølv om dei ikkje blir namngitte slik. For eksempelvis Sjøforsvaret vil dette typisk vere marinebasar og orlogsstasjonar, og for Luftforsvaret flystasjonar.

Typisk innhald i dag

Madlaleiren i Stavanger husar rekruttskulen KNM Harald Haarfagre. Biletet viser oppstilling for ein avslutningsseremoni ved skulen.
/Forsvaret.
Lisens: CC BY 2.0
Noregs til no nyaste militærleir vert kalla Akkasæter og ligg i Troms. Leiren skal leggje til rette for øving og trening av allierte soldatar.
Forsvaret.
Lisens: CC BY 2.0

Ein representativ, større norsk militærleir består i dag gjerne av følgjande element:

  • perimeter (gjerde og anna ytre sikring)
  • vaktbygg
  • forlegningar for meinige, befal og offiserar (eller i nyare tid gjerne såkalla kvarter)
  • kjøkken- og messebygg
  • velferdsbygg
  • sjukestove
  • bygg for kontor (administrasjon og leirleiing)
  • diverse magasin-/depot-/lagerbygg for køyretøy, ammunisjon, intendantur med vidare
  • garasjar
  • el-forsyning og fjernvarme
  • gymsal/treningsbygg, eventuelt symjehall
  • vedlikehaldsbygg
  • undervisningsbygg
  • eigne sanitærbygg
  • miljøstasjon
  • fleirbruksbygg
  • treningsbane og appell-/ekserserplass
  • andre plassar og vegar

Avhengig av kven som er brukar av leiren kan det også vere ulike spesialverkstader, sambandsbygg, drivstoffanlegg, vaskehall med vidare, eventuelt også skytebanar eller regulære skyte- og øvingsfelt i, eller i tilknyting til, leiren.

Ofte vil det også finnast eigne bustader for forsvarstilsette i nærleiken av ein større militærleir.

Døme på norske militærleirar

Døme på større norske militærleirar er mellom anna Rena (Innlandet), Skjold og Setermoen (Troms), Huseby (Oslo), Sessvollmoen (Akershus), Madla (Rogaland), og Setnesmoen (Åndalsnes).

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg