Målmann er ei nemning som ofte har vore brukt om ein person som er tilhengar av målsaka eller som nyttar nynorsk. «Mål» viser til at personen er engasjert i bruken av nynorsk, gjerne også den aktive kampen for dette språket.
Målmann er mest bruk om menn og kvinner som er aktive i nynorsk organisasjonsarbeid. Også forfattarar og andre skribentar som er konsekvente nynorskbrukarar, vert omtala som målmenn.
Nemninga målkvinne har òg vore brukt om kvinnelege nynorskforkjemparar eller nynorskbrukarar. Målstrevar har også vore brukt om personar med slike engasjement, men er mindre vanleg i bruk.
Målmann blir også brukt som synonym for ordet målvakt eller keeper, som omtale av ein spelar som står i mål i ein lagidrett. Denne bruken av ordet er mindre vanleg i dag, til fordel for det kjønnsnøytrale målvakt eller det engelske keeper.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.