Kart 1

Kartet viser – noko forenkla – kvar i Afrika gurspråka blir snakka.

Av .
Lisens: https://aflat.org/alorg/gur.html

Gurspråk er ei grein av den afrikanske språkfamilien niger-kongospråk. Dei omfattar 80–90 språk som er førstespråket (morsmålet) til over 30 millionar menneske i det vestafrikanske savannebeltet mellom regnskogen i sør og Sahara i nord, i Burkina Faso og tilgrensande delar av Mali, Elfenbeinskysten, Ghana, Togo og Benin og mindre område i det vestlege Nigeria og Niger.

Gurspråk, voltaspråk, mabia

Termen gurspråk (Gur languages) er vanleg i engelskspråkleg litteratur, mens ein i franskspråkleg litteratur òg finn termen voltaspråk (langues voltaïques). Den ghanesiske lingvisten Adams Bodomo (fødd 1959), professor i afrikansk lingvistikk og litteratur ved Universitetet i Wien (Østerrike) og med ph.d. (1997) frå NTNU i Trondheim, har føreslått å kalle språkgreina for mabia.

Termen gur blei føreslått i 1895 av den tyske afrikanisten Gottlob Adolf Krause (1850–1938), på grunnlag av at fleire språk i denne gruppa har namn som byrjar med gur-, til dømes gurma og gurenɛ. Termen voltaspråk byggjer på at den 1600 kilometer lange elva Volta flyt gjennom gurspråklege område. Termen mabia er sett saman av orda ma 'mor' og bie/bia/biiga 'barn', som er vanlege og karakteristiske for desse språka.

Dei største gurspråka

Lista nedanfor viser det som truleg er dei ti største gurspråka – etter folketal. Det må takast nokre atterhald, da tala sjeldan byggjer på anna enn anslag og skjøn. Nokre tal er over tretti år gamle.

  1. moore (mossi) – 7,8 millionar (2019), i Burkina Faso, Benin, Elfenbeinskysten, Ghana, Mali og Togo
  2. dagaare – 1,3 millionar (2023), i Ghana og Burkina Faso
  3. senari (senufo) – 3 millionar (2013), i Elfenbeinskysten, Mali og Burkina Faso
  4. gurma (gulmancema) – 1,5 millionar (2023), i Burkina Faso, Togo, Benin, Niger og Ghana.
  5. dagbane (dagbanli) – 1,2 million (2013), i Ghana
  6. baatonum (bariba) – 1,1 million (2023), i Nigeria
  7. kabiye – 1 million (2015), i Togo, Benin og Ghana
  8. minyanka (mamara) – 740 000 (2015), i Mali
  9. gurenɛ (farefare, frafra) – 663 000 (2023), i Ghana og Burkina Faso
  10. lobi (lobiri) – 500 000 (1993), i Burkina Faso, Elfenbeinskysten og Ghana.

Klassifisering

Kart 2

Utbreiinga til gurspråka. Tala viser til undergrupper av sentrale gurspråk.

Gurspråka høyrer til niger-kongospråka. Ifølgje Joseph H. Greenberg (1963) er gurspråka ei av seks hovudgreiner av niger-kongospråka, ved sida av vest-atlantisk (seinare kalla atlantisk), mande, kwa, benue-kongo og adamawa-austleg. Williamson & Blench (2020) har klassifisert gurspråka saman med adamawa-språka i ei nordleg grein av deira gruppe volta-kongo, men inndelinga av niger-kongospråka i ulike hovudgreiner er sterkt omdiskutert og byggjer i stor grad på tvilsame kriterium.

Oppslagsverket Ethnologue opererer med ei sentral gruppe med 69 språk, delt i ei nordleg grein med 38 språk og ei sørleg grein med 31 språk. I tillegg til den sentrale gruppa har Ethnologue 9 andre mindre greiner med til saman 28 språk, der den største greina er senufo, med 15 apråk.

Adams Bodomo samlar alle dei ikkje-sentrale språka i ei vestleg og ei austleg grein.

Av dei 10 største gurspråka, jamfør førre avsnitt, høyrer alle til den sentrale gruppa bortsett frå senari, baatonum, mamaara, lobi, som høyrer til ulike mindre grupper.

Strukturelle drag

Kart 3

Dei fem store språkbuntområda i Afrika ifølgje Tom Güldemann (2008). Nummer III, det blå området, er Makro-Sudan-beltet.

Språkbunt – av tysk Sprachbund – er ei gruppe grannespråk som ikkje er i slekt – eller ikkje i nær slekt – men som har blitt meir like kvarandre gjennom gjensidig påverknad gjennom mange hundre år, mest på grunn av fleirspråklege talarar.

Språkbuntområde i Afrika iflg Tom Güldemann
Lisens: CC BY SA 3.0

Fonologi

Talet på orale vokalfonem varierer mellom sju og ti, ofte kombinert med vokalharmoni basert på skiljet mellom framskoten tungerot (+ATR) og tilbaketrekt tungerot (–ATR). Alle språka har også nasale vokalar.

Dei fleste språka har labial-dorsale (labial-velar) konsonantar av typen /kp ɡb ŋm/, med samtidig labialt og dorsalt lukke.

Truleg er alle gurspråk tonespråk.

ATR-vokalharmoni og labial-dorsale konsonantar er ikkje eit særdrag ved gurspråka, men ved språk i det afrikanske språkbuntområdet som går under namnet Makro-Sudan-beltet (engelsk Macro-Sudan Belt), som strekkjer seg frå Atlanterhavskysten i Vest-Afrika austover til Sør-Sudan Uganda; sjå kart 3.

Morfologi

Alle gurspråk har store såkalla nominalklassesystem som er eit sams drag alle greiner av niger-kongospråka med unnatak av mandespråka. Gurspråka har kring fem genus, med eigne suffiks i eintal og fleirtal – eller har klare restar av eit slikt system. Det finst òg eigne pronomen og determinativ i eintal og fleirtal i dei ulike genusa.

Syntaks

Alle gurspråk har leddstillinga subjekt–verbal–objekt (SVO), bortsett frå senari (senufo), som har SOV. I tillegg har dei serieverbkonstruksjonar med leddstillinga SVOV.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Nettsida til Ethnologue: Ethnologue: Languages of the World – database on the world’s living languages

Litteratur

  • Bodomo, Adams 2020. Mabia: Its genesis, geographical spread, and some salient features. Kapittel 1 i Bodomo, Abubakari og Issah (2020).
  • Bodomo, Adams, Hasiyatu Abubakari & Samuel Alhassan Issah (eds.) 2020. Handbook of the Mabia languages of West Africa. Glienicke: Galda Verlag.
  • Greenberg, Joseph H. 1963. The languages of Africa. Bloomington: Indiana University; The Hague: Mouton.
  • Güldemann, Tom 2008. The Macro-Sudan belt: towards identifying a linguistic area in northern sub-Saharan Africa. Kapittel 5 (side 151–185) i Heine & Nurse (2008).
  • Heine, Bernd & Derek Nurse (ed.) 2000. African languages. An introduction. Cambridge: Cambridge University Press.
  • Heine, Bernd & Derek Nurse (ed.) 2008. A Linguistic Geography of Africa. Cambridge: Cambridge University Press.
  • Miehe, Gudrun 2020. Gur. Kapittel 13 i Vossen, Rainer & Gerrit J. Dimmendaal (eds.) 2020. The Oxford Handbook of African Languages. Oxford: Oxford University Press.
  • Web resources for African languages – Gur (Voltaic) languages.
  • Williamson, Kay & Roger Blench 2000. Niger-Congo. Kapittel 2 (side 11–42) Heine & Nurse (2000).

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg