Grøfting for hånd i Hobbøl på 1930-tallet. Her ser vi Konrad Iversen i arbeid.
Av .

Grøfting er ein metode innan landbruket for å fjerne overflødig vatn raskare frå dyrka jord eller skogmark enn ved naturleg fordamping og avrenning. Ved å hjelpe vatnet bort får planterøtene betre vilkår å utvikle seg i med både vatn og luft.

Faktaboks

Også kjend som

avgrøfting, drenering

Bakgrunn

Dersom grunnvatnet kjem for høgt opp, blir ein for stor del av jordsmonet metta med vatn. Under grunnvassnivået er det ikkje luft slik at planterøtene kan ta opp oksygen. Store nedbørsmengder på kort tid har blitt meir vanleg på grunn av klimaendringane i dei seinare tiåra.

Dersom vatn frå nedbør eller snøsmelting bruker lang tid på å forsvinne frå jorda, blir ho seinare klar for bearbeiding om våren. Jorda blir kaldare og i dårlegare stand til å bere maskiner. Dessutan forsvinn fleire jordpartiklar med vatn som renn langs jordoverflata enn dersom vatnet sig ned i jordsmonet. Det fører til auka erosjon.

Grøfting er difor fornuftig både av agronomiske og miljømessige grunnar, men kan på den andre sida truge mange dyre- og planteartar som har sine naturlege leveområde på myrer og våtmarker. Omfattande grøfting reduserer evna terrenget har til å dempe flaumsituasjonar.

Grøftemetode

Grøfting i Gjerdrum på Romerike. I steinfri jord har gravehjulmaskin vært mye brukt. Grøfteslangen legges automatisk ned i fåra bak gravehjulet.
Av /DEXTRA Photo.
Lisens: CC BY SA 2.0

Den mest brukte grøftemetoden er å leggje røyr eller slangar som kan ta inn vatn ned i jorda og så leie vatnet bort. Grøftebehovet, det vil seie kor tett grøftene må liggje, heng saman med jordtype, nedbørsmengd i veksttida, nedbørsintensitet og topografi. Jordartar med høgt leirinnhald, stiv leire, har dårlegast evne til å leie vatnet bort naturleg og har difor størst grøftebehov. Grus- og sandjord har størst naturleg leiingsevne og difor mindre grøftebehov.

Ved nyanlegg blir grøftene ofte plassert geometrisk i forhold til kvarandre med fast avstand imellom (systematisk grøfting). Dei ytste greinene, primærgrøftene, blir lagde nesten på tvers av den topografiske fallretninga, med eit lite fall inn mot ei samlegrøft som fører vatnet ut av åkerarealet langs naturleg fallretning. På dei stivaste jordartane er grøfteavstanden 6–8 meter, medan han i grusjord kan vere 20–25 meter. Grøftedjupna er vanlegvis 0,9–1,2 meter.

Dersom det berre er behov for å drenere eit oppkome eller tørke opp eit vått areal, er ei meir tilfeldig plassering meir vanleg. I båe tilfelle lagar ein gjerne eit nøyaktig grøftekart. Det er viktig for å kunne finne att grøftene, og for å hindre øydeleggingar under seinare gravearbeid.

Grøftemateriale

Opphavleg vart grøftene steinlagde slik at steinane danna ein kanal. Seinare er det laga grøfterøyr av både tre, tegl, betong og ulike plasttypar.

Grøftematerialet i nye grøfter er hovudsakleg korrugerte plastslangar, det vil seie slangar med dobbel og profilert overflate for å tôle trykket frå jorda og landbruksmaskiner. Slangane har svært mange opningar (slissar), store nok til å sleppe vatnet igjennom utan å sleppe inn meir enn minimalt med jordpartiklar. For å behalde fasongen må slike slangar ha slett underlag fritt for skarpe trykkpunkt. Det same gjeld laget rett over slangen. I tette jordartar kan ein òg leggje eit lettdrenerande og trykkdempande lag av sagflis eller sand inntil slangen, dette hindrar òg slam frå å trengje inn.

Grøftemaskiner

Steinrik jord grøftes med gravemaskin med skuffe.

No går all grøfting føre seg maskinelt. I jordartar som inneheld stein, er såkalla graveskuffemaskiner vanlegast, det vil seie traktorar eller beltemaskiner med hydraulisk styrt skuffe og gravearm. Normalt blir slike grøfter finjusterte og reinsa for skarpe kantar manuelt. Gravehjulmaskiner kan berre brukast på steinfri jord. Eit hydraulisk hjul grev ein fure i jorda akkurat stor nok til å få plassert grøfteslangen, som automatisk blir kveila ut under grøftinga.

I skogbruket har ulike typar grøfteplogar eller grøfteskjer vore nytta i samband med drenering av myrområde. Desse blir kjenneteikna av at dei krev mykje større trekkraft enn gravemaskinene.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg