Jabal جبل er eit arabisk ord som tyder 'fjell'. Ordet har òg vore stava djabal, djebel og dsjebel på norsk. Uttalen er [ˈʤabal].
Fleirtalsformene — jibāl جبال og ajbāl اجبال — kan òg tyde 'fjellkjede'.
Jabal جبل er eit arabisk ord som tyder 'fjell'. Ordet har òg vore stava djabal, djebel og dsjebel på norsk. Uttalen er [ˈʤabal].
Fleirtalsformene — jibāl جبال og ajbāl اجبال — kan òg tyde 'fjellkjede'.
Jabal ‘Arafāt جبل عرفات'Arafatfjellet' søraust for Mekka i Saudi-Arabia.
Mange geografiske namn inneheld dette ordet, til dømes desse:
I den spanske regionen Andalucía og tilgrensande område er det fleire stadnamn som tek til med Gibral-, av arabisk Jabal جبل. Her er tre døme:
Mens moderne spansk uttale av g fremst i desse namna er [x] (ein ustemd velar frikativ, som ch i tysk Bach), var uttalen fram til 1500-talet [ʒ] (som s i engelsk pleasure), ein lyd som ligg nær arabisk uttale av j i jabal, nemleg [dʒ].
Diminutiv (minskingsform) av jabal جبل 'fjell' er jubayl جبيل 'lite fjell'. Diminutiv på arabisk er karakterisert ved mønsteret KuKayK, der K står for konsonantane i arabiske røter. Til dømes er kutayb كتيب 'lita bok' diminutiv av kitāb كتاب 'bok'.
Jubayl جبيل er det arabiske namnet på den libanesiske oldtidsbyen Byblos.
Historisk er Jubayl جبيل som namn på oldtidsbyen Byblos ikkje ein vanleg diminutiv, men sannsynlegvis ei morfologisk omtolking — såkalla «folkeetymologi» — av eit eldre fønikisk namn som tydde 'Guds kjelde':
Den bibelhebraiske forma er Gbal גְבַל. Byen er omtala i Esekiel 27,9 i Det gamle testamentet, på norsk som Gebal:
Gebals eldste og klokaste menn var skipstømrarane dine. Alle skip og sjøfolk på havet kom til deg for å byta varer.
På akkadisk er byen er kjend som Gubla 𒁺𒆷.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.