Assyrisk er eit semittisk språk som blei snakka og skrive i Det nordlege Mesopotamia frå omkring 2000 fvt. til omkring 600 fvt.

Faktaboks

Uttale

assyrisk

Det blir rekna som eine av to hovuddialektar av akkadisk, som er kjent sidan omkring 2500 fvt. Den andre hovuddialekten var babylonsk, som blei snakka og skrive i det sørlege Mesopotamia frå omkring 2000 fvt. til 600 fvt. og skrive til omkring 100 evt.

Både assyrisk og babylonsk blei fortrengde som talespråk av eit anna semittisk språk, arameisk, omkring 600 fvt.

Både assyrisk og babylonsk blei skrive med ei kileskrift som var overteken frå sumerisk, det førsemittiske språket i Mesopotamia.

Fleire detaljar finst i den lengre artikkelen akkadisk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg