Abd, meir nøyaktig ‘abd [ʕabd] عبد, er eit arabisk ord som tyder 'tenar' eller 'slave' — eller strengt teke 'mannleg tenar' eller 'mannleg slave'. Det kvinnelege motsvaret er ‘abda عبدة 'kvinneleg slave'.
Ordet ‘abd عبد er ein del av mange arabiske namn, som desse:
- Abdullah — ‘abdu-l-lāh عبدﷲ 'Guds tenar'
- Abd al-Qadir / Abdulqadir — ‘abdu-l-qadīr عبدالقدير 'den allmektiges tenar'
Substantivet ‘abd عبد har to fleirtalsformer, ‘ibād عباد og ‘abīd عبيد, og det er vanleg å bruke den første i tydinga 'tenarar' og den andre i tydinga 'slavar', sjølv om ‘ibād عباد òg førekjem i Koranen med tydinga 'slavar', til dømes i sure 24 (Lyset, an-nūr النور), vers 32.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.