Wales vart del av Romarriket kring år 70 evt. Biletet viser restar av eit romersk amfiteater ved Caerleon.
Det walisiske flagget vart fyrst utforma i 1450.
Av .
Lisens: Public Domain
To walisiske spinnarar ein gong mellom 1890 og 1900.
Av .
Lisens: Public Domain

Det har budd menneske i Wales i godt over 30 000 år. Wales var del av Romarriket i meir enn 300 år, til år 383 evt. Fyrstedøma i Wales vart samla på 1000-talet, men England tok kontroll etter 1282. Fleire mislukka opprør mot engelsk styre kom i seinmellomalderen. Wales inngjekk i unionen mellom England og Skottland som del av England frå 1707. Frå siste del av 1800-talet voks walisiske institusjonar fram, og i 1999 fekk Wales avgrensa sjølvstyre som del av Det foreinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland.

Romartida

Mesteparten av Wales var under romersk kontroll i år 78 evt. Romarane utvikla og utvida gruvedrifta i Wales, og dei utvann særleg gull, kopar og bly, men også noko sink og sølv. Dei grunnla dei fyrste byane i Wales og betra vegnettet, særleg til bruk for militære styrkar og i handel. I år 383 vart Wales oppgjeve av romarane.

Folketalet i romartida er uvisst, og vurderingar varierer mellom 100 000 og 250 000. Like før romarane gav opp kontrollen av Wales – i år 381 – vart kristendom den offisielle religionen i heile Romarriket. I løpet av 600-talet, var Wales kristna.

Mellomalderen

På slutten av 300-talet kom tilflytting frå sør i Irland, og frå omlag år 500 til midt på 1000-talet vart dei walisiske småkongedøma konsoliderte. Dei var styrde av romersk-lokale krigardynasti som tidvis var i konflikt med kvarandre. Nokon av dei viktigaste kongedøma var Gwynedd i nordvest, Powys sentralt austleg og Dyfed i sørvest. Politisk fragmentering, forfall i infrastruktur og tilbakegang i handel, kombinert med mange epidemiar og kort levealder, gjorde at folketalet ikkje var høgare enn omlag 150 000 midt på 1000-talet.

Den fyrste kongen som styrde ein stor del av Wales var Rhodri den store på 800-talet. Han utvida kongedømet sitt frå Gwynedd i nordvest til å også omfatte Powys sentralt austleg og Ceredigion sentralt i vest.

På 800-talet og ei tid framover kom vikingane til Wales, men dei fekk ikkje same sterke verknad på busetting og byutvikling som i andre delar av dagens Storbritannia eller i Irland. Det skuldast motstand frå lokale kongar som Rhodri den store på 800-talet og Hywel den gode på 900-talet. Den siste perioden med større vikingraid i Wales var tida mellom år 950 og 1000. Nokon av vikingane vart krigarar for lokale kongar, og det finst spor etter norrønt språk i nokre engelskspråklege stadnamn som Anglesey, Grassholm og Swansea (Sveinsey).

Engelsk kolonisering og walisisk motstand

Seglet til Owen Glendower. Han var den siste frie fyrsten i Wales og leidde eit opprør mot engelsk styre 1400-1415. Glendower arbeidde aktivt med diplomati mot andre statar for å vinna støtte til opprøret, kalla saman eit parlament og ynskte å byggja institusjonar som t.d. universitet.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Engelsk kolonisering av Wales starta etter at normannarane trengde inn i Wales etter slaget ved Stamford bridge (1066). Få tiår etter var Wales fragmentert. Dei engelske kongane utnytta dette ved meir enn 20 kongelege ekspedisjonar inn i Wales mellom det tidlege 1080-talet og slutten av 1260-talet.

Gjennom 1100-talet utvida normannarane området dei kontrollerte, bygde borger og oppretta adelsområde med føydal autoritet, rettsleg og administrativ kontroll og militær makt. Ein del av strategien var at dei nye herskarane over områda langs grensa mot England fekk utvida fullmakter. Alt dette utløyste motstand. Grufudd ap Cynan, herskaren over Gwynedd, leidde opprør i 1075, 1081 og frå 1094 til 1098, med irsk-norrøn støtte. Gruffudd ap Rhys, prinsen av Deheubarth, vende tilbake frå eksil i Irland og leidde eit opprør i åra etter 1113. Walisiske opprørarar mot normannarane vann slaget ved Crug Mawr, ofte omtala som slaget ved Cardigan i 1136. Det handla om kontroll over store delar av det vestlege Wales.

Den engelske Kong Edvard 1 gjennomførde felttog mot Llywelyn den siste, som var prins av Wales frå 1277. I 1282 braut den walisiske motstanden saman, og Llywelyn vart drepen. I 1284 fastsette Edvard 1 Rhuddlan-statuttane på eit slott i Nord-Wales. Slottet var del av ein jarnring av slott med engelske herskarar, bygd for å kontrollera Wales. Med desse statuttane vart Wales annektert under den engelske krona, det vart gjennomførd ei administrativ nyordning og engelsk lovgjeving vart innførd. Eit viktig unnatak var at tradisjonelle walisiske arvelover fekk gjelda vidare. Bygging av nye borger for å sikra engelske interesser vart sett i gang frå 1285 i Caernarfon, Convy og Harlech. I 1301 vart sonen til Edvard 1, Edvard av Caernarfon, gjort til prins av Wales. Mange walisarar såg det som ein provokasjon. Frå 1307 til 1327 var Edvard av Caernarfon kong Edvard 2 av England.

Det siste store mellomalderopprøret mot engelsk styre var leidd av Owen Glendower. Opprøret pågjekk i perioden 1400–1415 og gav Owen Glendower og styrkane hans sigrar og kontroll over store delar av Wales tidleg i opprørsperioden

Straffelover for å gjera Wales engelsk

Dei walisiske straffelovene vart fastsette av den engelske kongen i 1401–1402 og seinare stadfesta fleire gonger. Lovene var ein reaksjon på Owen Glendower-opprøret. Walisarar og engelskmenn som gifta seg med walisiske kvinner fekk ikkje ha høgare embete. Walisarar kunne ikkje bera våpen eller rustning, kjøpa eigedom i engelske landbyar, eiga slott eller delta i offentlege forsamlingar. Engelskmenn kunne heller ikkje dømast av walisarar. Walisiske kulturuttrykk vart rekna som oppmoding til opprør og vart forbodne. Walisarar vart i røynda rekna som andreklasses innbyggjarar.

Reformasjonen i Wales

Henrik 8 vart kyrkjeleg overhovud for England og Wales i 1534, var reformasjonen formelt gjennomførd. Den anglikanske Church of England vart då statskyrkja i Wales. Utover 1600- og 1700-talet vart Church of England (i Wales) styrd av engelske kyrkjelege som i mange høve oppheldt seg i England. Det medverka til at ei metodistisk vekking fekk stor tilhengjarskare på 1700-talet, og i 1851 var det berre ein snau tredel som sokna til Church of England. Like mange høyrde til ulike metodistiske retningar, medan resten var baptistar og i kategorien «andre».

Katolisismen levde som undergrunnsfenomen på grunn av straffelovene. Utover 1800-talet auka talet på katolikkar, mest på grunn av utvandring frå Irland under og etter hungersnauda der. Den fyrste offentlege katolske samlinga var i Cardiff om lag 1820, det fyrste nybygde katolske kapellet etter reformasjonen vart reist i 1846 og den fyrste katolske biskopen vart innsett i 1850. Frå 1920 vart Church of England avløyst av den sjølvstendige Church in Wales, og slutta då å vera statskyrkje.

Unionslovene

Laws in Wales Acts (unionslovene) vart vedtekne av det engelske parlamentet under Henrik 8. mellom 1535 og 1542/43. Dei gav tettare administrativ og legal integrasjon under England, men gav også walisarar rett til politisk representasjon i parlamentet. Unionslovene gjorde også dei walisiske straffelovene overflødige, men dei vart ikkje formelt oppheva før i 1624. Etter The Wales and Berwick Act (1746) skulle alle engelske lover også gjelda i Wales, dersom dei ikkje klårgjorde at Wales var unnateke. Den siste walisiske særdomstolen vart fjerna i 1830.

Tidleg-moderne tid

Tekstilindustri i førmoderne småproduksjon (manufaktur) fekk innslag alt før 1700, og på 1700-talet var det omfangsrik eksport av tekstilprodukt, særleg ullvarer, til England og Amerika. Gjennom 1700- og 1800-talet vaks gruvedrift og metallurgi fram som økonomisk viktige, og dalføra i det sørlege Wales vart sterkt industrialiserte i fyrste delen av 1800-talet. Alt i 1850 sysselsette industrien fleire enn landbruket, og kol, jarn, kopar og skifer var viktige produkt. Skiferindustrien, som var konsentrert i rurale område på nordkysten, var særleg verdfull – og sysselsette om lag 17 000 personar på topp-punktet kring år 1900.

Urbanisering og folkeauke

Med industrialiseringa fylgde sterk folkeauke og sterk urbanisering. Folketalet auka frå under 600 000 i 1801 til om lag to millionar i 1900. Folketalet auka meir i denne perioden enn i den lengre perioden frå 1900 til i dag (frå 2 millionar til 3,2 millionar), trass i dårlegare levekår og helsestell.

Det førindustrielle Wales var eit bonde- og landsbysamfunn, der kystområda og grenseområda mot England hadde høgast folketettleik, medan innland- og høglandsområda hadde låg og spreidd busetnad. Den industrielle revolusjonen leidde til sterk folkeauke i byane, og i 1911 budde fleirtalet i byar. Den gjorde Wales til eit industralisert klassesamfunn med føresetnader for å utvikla ei sterk fagrørsle og eit Labour-parti med høg oppslutnad.

Wales i det britiske imperiet

Portrett av Richard Pennant - 1. baron Penhryn (1773–1843). Pennant hadde eigarinteresser i imperiet; seks sukkerplantasjar på Jamaica. Med det var han ein del av den transatlantiske slaveøkonomien.
Av .
Lisens: Public Domain

Eksport til ulike delar av det britiske imperiet, særleg av produkt frå gruve- og tekstilindustrien, vart økonomisk viktig og bidrog til at hamnebyar som Cardiff og Swansea vart viktige eksportknutepunkt. Einskildpersonar i Wales hadde også vïktige eigarinteresser i koloniane. Ein av dei var Richard Pennant (1737–1808, 1. Baron Penhryn), som var eigar av seks sukkerplantasjar på Jamaica og difor var ein del av den transatlantiske slaveøkonomien. Det walisiske avtrykket i imperiet er også synleg ved at fleire skip i det britiske aust-indiakompaniet var oppkalla etter stader i Wales, og at stader og regionar i ulike delar av imperiet fekk namn som streka under dette, som New South Wales (Australia), som tidlegare heitte New Wales.

Avtrykket av Wales på imperiet var også synleg på det religiøse området. Ein av dei viktigaste aktørane for bibelomsetting til lokale og regionale språk i imperiet, og for misjon, var British and Foreign Bible Society (1804). Inspirasjonen kom frå Wales og den evangeliske og særleg metodistiske vekkinga der på 1700-talet. Dette selskapet omsette Bibelen til ei mengd språk i britiske koloniar.

Vegen mot avgrensa sjølvstyre

Frå siste delen av 1800-talet kom walisisk sjølvmedvit tydeleg til syne ved at sentrale walisiske institusjonar vart grunnlagde. Wales fekk det fyrste universitet i Aberystwyth i 1872. I 1873 gjekk ein komité i gang med å samla walisisk materiale. Det la grunnlaget for at det walisiske nasjonalmuseet vart skipa i 1905 i Cardiff og at det walisiske nasjonalbiblioteket vart til i 1907 i Aberystwyth. I 1883, 1884 og 1887 kom tre nye universitet i Cardiff, Bangor og Wrexham. Den fyrste særwalisiske lova i nyare tid kom i 1881 med Sundagslukkelova, fylgd av Welsh intermediate Education Act i 1889. Ei walisisk avdeling av utdanningsdepartementet vart til i 1907, og det same skjedde med landbruks- og fiskeridepartementet i 1919.

Politikk og politisk utvikling

Gwynfor Evans (1912-2005) vart vald som fyrste representant for Plaid Cymru i Westminsterparlamentet i 1966. Her talar han på eit valmøte i 1959.
Av .

Institusjonsdanninga var starten på ei utviklingsline fram mot walisisk indre sjølvstyre med delegerte fullmakter frå parlamentet i London. I 1886 vart organisasjonen Cymru Fudd (Det framtidige Wales) skipa. Frå starten var dette hovudsakleg ein kulturnasjonal organisasjon, men etter kvart gjekk den klårare inn for indre sjølvstyre, delvis inspirert av kampen om heimestyre for Irland. Walisarar busette i London og Liverpool var leiande kjerne. Mest kjend av desse var David Lloyd George, politikar for det liberale partiet og seinare statsminister i Det foreinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland.

Det liberale partiet hadde sterkast walisisk representasjon i Westminster fram til 1910. Ved parlamentsvalet i 1900 fekk Wales sin fyrste Labour MP (medlem i parlamentet), og etter fyrste verdskrigen vart dette det dominerande partiet i Wales med det konservative partiet som nummer to. I 1925 vart partiet Plaid Cymru (Partiet for Wales) skipa. Frå starten var dette hovudsakleg eit kulturnasjonalistisk parti. Plaid Cymru fekk sin fyrste MP (Gwynfor Evans) i eit suppleringsval i 1966, og fekk fyrst vesentleg oppslutnad frå 1960- og 1970-talet. I seinare tid har partiet også ynskt fullt sjølvstende for Wales, men også auka indre sjølvstyre inntil sjølvstende kan realiserast. Frå 2014 har tilhengjarane av politiske sjølvstende for Wales også arbeidd gjennom kampanjeorganisasjonen YesCymru.

Senedd Cymru – det walisiske parlamentet

Det har vore to folkerøystingar om å oppretta ei walisisk folkevald forsamling i 1979 og 1997. Fyrste gongen røysta eit massivt fleirtal nei, men i 1997 røysta eit knapt fleirtal på 50,3 prosent ja, og 49,7 prosent røysta nei. Walisisk heimestyre (engelsk: devolution) vart difor innførd ved opninga av Senedd Cymru i 1999. Det skjedde same år som det vart etablert eit tilsvarande skotsk forsamling og året etter at Northern Ireland Assembly vart til.

Senedd Cymru er eit eittkammerparlament. Etter ei ny folkerøysting i 2011 fekk parlamentet fullmakter til å gjera lovvedtak i alle saker der parlamentet har fullmakter delegert frå Westminsterparlamentet. Frå valet i 2026 vart Senedd utvida frå 60 til 96 representantar frå 16 valkrinsar. Valkrinsane valde 6 representantar kvar, fordelt etter D’Hondtmetoden. Valperioden vart samstundes endra frå fem til fire år.

Alle Senedd-val frå 1999 har gjort Labour til største parti og gjeve dei fyrsteministeren for Wales. Labour har vore det dominerande partiet i Wales i over 100 år etter fyrste verdskrigen. Det konservative partiet og Plaid Cymru har veksla mellom å vera nest størst og tredje størst. Denne samanhengjande perioden med Labour-dominans i Wales tok slutt ved valet til Senedd Cymru i mai 2026. Då vart det venstreorienterte nasjonalistpartiet Plaid Cymru størst og kunne skipa regjering for Wales.

Avindustrialisering

Wales opplevde sterk avindustralisering gjennom etterkrigstida og fram til 1980-talet. Historiske viktige næringar som tekstilindustri, tungindustri og gruvedrift var nær ved å falla heilt bort. I den tradisjonelt sterke gruveindustrien var berre få hundre sysselsette to tiår inne i 2000-talet. Denne industrien fekk ein særleg hard knekk i statsministerperioden til Margaret Thatcher, som ville leggja ned og privatisera tidlegare nasjonalisert kolindustri. Wales var eit viktig brennpunkt i gruvearbeidarstreiken 1984–1985, som i stor grad knekte fagforeiningane til gruvearbeidarane.

Industri generelt var dominerande sysselsetting tidleg på 1900-talet, medan det på 2020-talet berre arbeider så vidt over 10 prosent i ulike typar industri.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Birrell, Derek m.fl. (2023); Devolution in the UK. Politics, powers and policies. London, Bloomsbury.
  • Davies, John (2007); A history of Wales. London, Penguin books.
  • Evans, Gwynfor (1991); Fighting for Wales. Ceredegion, YLolfa.
  • Gibbard, Alun & Jones, Gwynoro (2021); Whose Wales? The Battle for Welsh devolution and nationhood, 1880-2020. Gwynoro Jones & Alun Gibbard.
  • Jenkins, Geraint H. (2007); A concise history of Wales. Cambridge, Cambridge University Press.
  • Pryce, Huw (2022); Writing Welsh history. From the early Middle Ages to the Twenty-First Century. Oxford, Oxford University Press.
  • Shipton, Martin (2010); Poor Man’s Parliament. Ten Years of the Welsh Assembly. Bridgend, Seren.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg