Faktaboks

Innbyggjartal
4185 (SSB, 2025)
Landareal
3,6 km²
Tettstadsnummer
6283 Sunndalsøra

Sunndal. Elven Driva renner gjennom administrasjonssenteret Sunndalsøra og ut i Sunndalsfjorden. Nede ved fjorden sees aluminiumsverket, som er den dominerende bedriften i kommunen.

Av /KF-arkiv ※.

Sunndalsøra er ein tettstad i Sunndal kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,6 km², og har 4185 innbyggjarar (2025).

Sunndalsøra er administrasjonssenter i Sunndal kommune, og ligg ved botnen av Sunndalsfjorden.

Aluminiumsverket (Hydro Aluminium) er hjørnesteinsverksemd på Sunndalsøra, og eksporten herfrå gjer at Sunndalsøra er den nest største eksporthamna i Møre og Romsdal (etter Ålesund). Tal tilsette ved verket har blitt redusert frå 2004 etter ombygging og effektivisering av verket; dette har gjort at folketalet i Sunndalsøra har stagnert.

Kart

Kart over Sunndalsøra.
Sunndalsøra, kart
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg