USA har ikkje eit offisielt nasjonalt språk, sjølv om ein del delstatar har valt å innføre engelsk som offisielt språk innanfor sine grenser.

Gjennom ein presidentordre utstedt av president Donald Trump i mars 2025 vart engelsk erklært som det offisielle språket i USA. Ordren gjeld i praksis berre for føderale myndigheiter.

American English

Det engelske språket i USA, amerikansk-engelsk, American English, skil seg i ei viss grad frå britisk-engelsk, men skilnaden blir ofte overdriven. Særtrekka er minst framståande i skriftspråket, meir markerte i talespråket. Nokre av dei karakteristiske trekka ved amerikansk-engelsk går tilbake til dei eldste kolonistane sitt språk og speglar dels eldre tilstandar i britisk-engelsk, dels trekk frå engelske dialektar. Ein spesiell variant av engelsk er språket til den svarte befolkninga, Black English.

Urfolksspråk

Ei lang rekkje urfolksspråk er framleis i bruk av større eller mindre grupper i USA, men mange språk har òg døydd ut etter at europearane kom til kontinentet, både som fylgje av at fleire folkeslag vart utrydda og at mange gjekk over til å snakke engelsk, og dei opphavlege språka deira deretter vart gløymde. I Alaska er den eskimoisk-aleutiske språkfamilien representert.

Andre språk

Fram til slutten av 1700-talet hadde mykje over halvparten av befolkninga i USA britisk opphav. Engelsk vart difor eit naturleg språk i den nye nasjonen, som også dei stadig meir talrike ikkje-britiske innvandrarane etter kvart tok i bruk. Men det er framleis store innvandrargrupper som held fram med å bruke det opphavlege morsmålet sitt seg imellom. Den utan samanlikning største og stadig veksande gruppa er spanskspråklige. Andre utbreidde språk i USA er fransk, tysk, italiensk og kinesisk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg