Sollia er ei bygd i Stor-Elvdal kommune i Østerdalen. Sollia omfattar elvene Setninga og Atna sine dalføre og fjellområda rundt. I vest når det søraustre ytterområdet av Rondane inn i Sollia.
Sollia var tidlegare eigen kommune, utskilt frå Ringebu i Oppland i 1864, overført til Hedmark fylke i 1890, og lagt til Stor-Elvdal kommune i 1965. Kommunen målte 511 kvadratkilometer ved samanslåinga.
Sollia kyrkje er ei lafta langkyrkje frå 1738.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.