Faktaboks

Ragne Wiklund
Fødd
9. mai 2000
Ragne Wiklund under OL i Beijing i 2022.
Av /AP/NTB.

Ragne Wiklund er ein norsk skøytelaupar og orienteringslaupar som har vunne OL-sølv, OL-bronse og VM-gull. Ho representerer Aktiv skøyteklubb.

I 2023 vart Ragne Wiklund tildelt Egebergs ærespris for prestasjonane sine innanfor skøyter og orientering.

Karriere

Ragne Wiklund. Foto frå 2018.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Ragne Wiklund vart verdsmeister allround i 2026, på 1500 meter i 2021 og på 3000 meter i 2023. Ho vart europameister på 1500 og 3000 meter i 2026. Under OL i Milano Cortina i 2026 tok ho sølv på 1500 og 3000 meter og bronse på 5000 meter. I 2023 tok Wiklund sølv og i 2025 bronse i europameisterskapen allround. I 2019 vart ho juniorverdsmeister på 3000 meter.

Wiklund vart noregsmeister allround i 2021, 2023 og 2025 og har per 2025 15 gull i NM enkeltdistansar, fordelt med éin på 1000 meter, fire på 1500 meter, fem på 3000 meter og fem på 5000 meter. Ho har sett åtte norske seniorrekordar og fire juniorrekordar og har noregsrekordane på 1500 meter, 3000 meter, 5000 meter, samanlagd liten firkamp og lagtempo (saman med Marit Fjellanger Bøhm og Sofie Karoline Haugen).

Etter VM-tittelen på 1500 meter i 2021 har ho utvikla seg til å bli best på 3000 meter. Ho vann verdscupen samanlagt på langdistanse i 2023, 2024, 2025 og 2026. Per 2026 har ho 12 verdscupsigrar, elleve av dei på 3000 meter og éin på 1500 meter. I 2023 vann ho alle 3000-meterlaup i verdscupen.

Ho gjekk sin fyrste 5000 meter som 14-åring i 2014 og debuterte då på 1198.-plass på adelskalenderen. Sidan har ho klatra jamt og trutt og nådde niande plass i 2023. Ingen andre norske kvinner har stått høgare på adelskalenderen sidan Bjørg Eva Jensen i 1983.

Wiklund hevdar seg også på høgt nivå i orientering. Ho har representert Noreg i verdscupen og har fleire NM-medaljar.

Personlege rekordar

  • 38,84 (500 meter)
  • 1.14,11 (1000 meter)
  • 1.52,47 (1500 meter)
  • 3.54,74 (3000 meter)
  • 6.46,15 (5000 meter)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg