Faktaboks

Liu Xiaobo
刘晓波
Fødd
28. desember 1955
Død
13. juli 2017
Liu Xiaobo
Av /NTB.

Eit bilete av den fengsla dissidenten Liu Xiaobo blir halden opp i protest utanfor den kinesiske ambassaden i Oslo, 9. desember 2010.

Liu Xiaobo
Av /Reuters.

Liu Xiaobo var ein kinesisk litteraturvitar og regimekritikar som vart tildelt Nobels fredspris i 2010.

Liu tok doktorgrad i litteraturvitskap ved Beijing læraruniversitet (Beijing Normal University) i 1988, vart deretter førelesar ved same universitet. Han var òg gjesteførelesar ved Universitetet i Oslo. Liu var aktiv i den kinesiske demokratirørsla og deltok i protestane på Den himmelske fredens plass våren 1989. Liu Xiaobo sat deretter to år i fengsel og vart fråteke stillinga si ved universitetet. Han vart seinare arrestert fleire gongar for verksemd i demokratirørsla. I 1996 vart han send til ein arbeidsleir for tre års «omskulering».

Liu var i desember 2008 medforfattar av eit politisk manifest for demokratisering i Kina, Charter 08. Manifestet slår til lyd for politiske reformer, blant dei ny forfatning, eit uavhengig rettssystem og ytringsfridom. Liu vart arrestert ei natt to dagar før publiseringa. For medverknaden sin, som vart karakterisert som «undergraving av statsmakta», vart han dømd til elleve års fengsel 25. desember 2009.

Charter 08 var inspirert av Václav Havels Charta 77, som bana veg for «Fløyelsrevolusjonen» i Tsjekkoslovakia i 1989. Oppropet vart signert av over 300 kinesiske intellektuelle, blant dei mange kunstnarar, journalistar og advokatar.

Liu Xiaobo var gift med Liu Xia, som han møtte i arbeidsleiren i 1996. I 2010 fekk ho møte han ein gong i månaden i eit fengsel i Liaoning-provinsen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg