Litlabø er eit tidlegare gruveområde på øya Stord, i Stord kommune i Vestland fylke, ved nordenden av Storavatnet, sju kilometer frå trafikknutepunktet og kommunesenteret Leirvik; Litlabø har rundt 500 innbyggjarar (2024).
Stordø Kisgruber A/S dreiv ut svovelkis her frå 1907 til drifta vart stansa i 1968. Her er eit gruvemuseum (Sunnhordland museum og Venelaget for Gruo). I dag utgjer Litlabø eit bustadområde som har samfunnshus og idrettsanlegg.
Kommentarar (1)
skreiv Sverre O. Lundal
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.