Norsk Folkehjelp er ein norsk humanitær organisasjon som kallar seg «fagbevegelsens humanitære solidaritetsorganisasjon».
Norsk Folkehjelps arbeid byggjer på fire grunnpilarar: ungdomsarbeid, sanitet, samfunnsretta arbeid og internasjonalt arbeid. Organisasjonen kjempar mot undertrykking, fattigdom, urettferdig fordeling, rasisme og diskriminering, vald og overgrep. Organisasjonen arbeider òg for likestilling, frivillig engasjement og kompetansebygging.
Norsk Folkehjelp organiserer humanitære hjelpeaksjonar og prosjekt i 35 land i Afrika, Asia og Latin-Amerika, og er ein av dei fremste organisasjonane i verda på humanitær minerydding. I seinare år er organisasjonen mellom anna aktiv i minerydding i Jemen og Syria, og frå 2022 er han engasjert i å fjerne og uskadeleggjere miner i Ukraina.
Organisasjonen har litt over 14 600 individuelle medlemer (2026), fordelt på 112 lokallag i heile Noreg. Hovudkontoret ligg i Oslo. Lokallaga driv mellom anna redningsteneste og sanitetsarbeid, tek seg av asylbarn og er engasjerte i integrering av flyktningar og asylsøkjarar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.