Faktaboks

Dalvík
Uttale

dalvik

Innbyggjartal
1360 (2024)
Fisket er ei basisnæring i Dalvík.
Av .
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Dalvík er ein by på Nord-Island. Byen ligg ved munningen av Svarfaðardalur i Eyjafjörður, 45 kilometer nordvest for Akureyri. Dalvík er sentrum i Dalvíkurbyggð kommune.

I næringslivet er fiskeria og fiskeforedlinga viktigast. I byrjinga av august blir det kvart år halde ein fiskefestival der målet er å la så mange menneske som råd smake på fisk og oppleve byen Dalvík. Festivalen er populær og trekker rundt 25 000 menneske.

Ein stor del av Dalvík vart øydelagt i eit jordskjelv i 1934.

Dalvík er vennskapsby med Hamar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg