Felleskjøpet er eit samvirkeføretak eigd av bønder for å ta seg av felles innkjøp av driftsmiddel og dei næringspolitiske interessene til medlemane. Viktige produktområde er kraftfôr, korn, gjødsel, såvarer, maskinvarer og forbruksartiklar til landbruket. I dei seinare tiåra har Felleskjøpet utvikla varespekteret til vanlege forbrukarar med hageutstyr og fôr til fritidshestar og kjæledyr.
Det er i dag to regionale felleskjøp som dekkjer heile landet: Felleskjøpet Agri SA (hovudkontor på Lillestrøm) og Felleskjøpet Rogaland Agder (hovudkontor i Stavanger). Dei har til saman 44 000 medlemer og ein samla omsetnad på vel 25 milliardar kroner (2024).
Logoen til merkevara Felleskjøpet er eit byggaks, nærare bestemt seksradsbygg.
Felleskjøpa er medlemar i Norsk Landbrukssamvirke, som er ein interesseorganisasjon for 14 landsomfattande samvirkeorganisasjonar i landbruket, blant dei Tine og Nortura.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.