Arne Garborgs Bondestudentar er ein danningsroman som kom ut fyrste gong i 1883.
.

Bondestudentar er ein roman av Arne Garborg frå 1883. Den fortel om utviklinga til bondestudenten Daniel Braut i Christianiamiljøet. På bakgrunn av motsetnaden mellom bonde- og embetsmannskulturen og dei vanskane som omstillinga frå land til by fører med seg, blir han rotlaus og usjølvstendig.

Romanen er utprega naturalistisk og gjer til dels eit bilete av Garborgs eigne opplevingar som bondestudent. Garborg brukar fleire virkelege personar som modellar for karakterane i boka. Mellom anna er Dølen basert på Aasmund Olavsson Vinje, Fram på Olaus Fjørtoft, og kandidat Meier er basert på Christopher Bruun.

Bondestudentar blir rekna som ein danningsroman.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg