flyfoto over ei elv med mange sandbankar

Delta er ein type våtmark. Elva Glomma i Noreg dannar eit stort delta der ho renn ut i innsjøen Øyeren. Dette er det største innlandsdeltaet i Nord-Europa og eit naturreservat.

Foto fra Øyeren
Av /Shutterstock.

Våtmark er eit område der jorda er veldig fuktig. Vatnet i våtmarker renn veldig sakte. Dermed er botnen i våtmarker dekt med vatn heile året. Det er ulike typar våtmark. Nokre døme er sumpskog, myrer og grunne tjern.

Våtmarker har ofte rikt med ulike plantar og dyr. Det gjer dei verdifulle på grunn av stort biologisk mangfald. Dei lagrar karbon, reinsar vatn og dempar flaum. Om lag 30 prosent av karbonet i verda blir lagra i våtmarker. Dette karbonet ville ført til global oppvarming om det ikkje var for våtmarkene. Våtmarker er i dag ein truga type natur.

Sidan våtmarker har så rikt med plantar og dyr, har det også budd mange menneske i slike område gjennom historia.

Våtmark i Noreg

fleire fuglar på myr

Traner er ein type vadefuglar som er avhengig av våtmarker. Dei hekkar berre på myr. Dei legg egga på tuer midt ute på myra. Då er egga beskytta mot rovdyr og menneske.

I Noreg finn ein våtmark i heile landet. Nesten ingen andre land i Europa har så mange ulike plantar og dyreartar i våtmarkene som Noreg. Meir enn ti prosent av Noreg er våtmark. Omlag tre firedelar av dette er myr og éin firedel er sumpskog.

Våtmark i verda

Over heile verda er menneske avhengige av våtmark. Våtmark gir vatn, mat og materialar. Meir enn ein milliard menneske har våtmarker som det økonomiske grunnlaget sitt. Våtmarker er også ei særs viktig kjelde til ferskvatn.

Planter

tre som veks i vatn
Sump er ein type våtmark. I motsetnad til myr, kan det vekse høge tre i sumpskogar.
Foto av sump i Sverige
Av /Shutterstock.

Våtmark gir næring til mange ulike typar plantar, frå urter til busker og tre. Nokre av dei mest vanlege vekstane i våtmark er papyrus, lotus, dunkjevle, mangrovar og siv. Noko som er spesielt med desse plantane er at dei har spesialiserte røter, blad som flyt, og at dei er har hole stenglar.

I sumpskog veks det tre, mens på myrer finn ein lågare vekstar. I myr blir det også laga torv av døde plantar.

Dyreliv

Plantelivet i våtmark gir grunnlag for eit rikt dyreliv, mellom anna for fisk og fugl. Mange trekkfuglar nyttar våtmarker som kvilestader når dei er på veg nordover eller sørover. Fleire fuglar, mellom anna vadefuglar, overvintrar i våtmark.

Fleire av artane som har våtmark som levestad er truga og står på den norske raudlista. Dette gjeld særleg insekt og planter.

Vern

Våtmark blir borte mykje raskare enn skog. Difor samarbeider mange land for å verne våtmarker. Våtmark er blant dei mest truga naturtypane.

I 1971 blei ein internasjonal konvensjon om å verne våtmark vedteken. 2. februar blei verdas våtmarksdag. Målet med å verne våtmark er å betre livsvilkåra for truga artar og å betre økosystema. Andre mål er å betre kvalitet på vatn, sikre lagring av karbon og dempe flaum.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Karianne Lilleøren
Førstelektor i naturgeografi, Universitetet i Oslo