En rød scooter som står parkert i en typisk italiensk gate med brostein

Vespa er ein italiensk scooter, ein type moped.

Foto av Vespa-scooter.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Ein moped er eit køyretøy med to, tre eller fire hjul. Ein moped kan ikkje køyre fortare enn 45 kilometer i timen. Han har eitt eller to sete.

Det er påbode å bruke hjelm når ein køyrer moped. På dei fleste mopedar med to hjul er det ikkje lov å ha med passasjer.

Førarkort

en mann i gul jakke som sitter på en ATV. Foran er det festet en snøplog. De kjører på en isbane.
ATV med fire hjul med snøplog foran.
Foto av ATV
Av .

For å køyre moped må ein vere minst 16 år gammal. Ein må òg gjennomføre føraropplæring:

  • gjennomføre trafikalt grunnkurs
  • gjennomføre opplæring ved ein trafikkskule
  • bestå teoriprøva hos Statens vegvesen

Personar som er fødde før 1985 treng ikkje nødvendigvis den same opplæringa. Det gjer heller ikkje dei som har førarkort for motorsykkel, bil eller traktor.

Andre typar moped

Scooter er den vanlegaste typen moped. Andre typar er mellom anna terrengmopedar og sportsmopedar.

ATV-ar kan òg reknast som mopedar. Det er viss dei er registrerte som moped og ikkje kan køyre fortare enn 45 kilometer i timen. Dei har oftast fire hjul. Nokre ATV-ar er registrerte for to personar og kan då ha med passasjer.

Mopedbil har tre eller fire hjul og liknar ein liten bil. Han har plass til føraren og ofte éin passasjer. Mopedbilen kan ikkje køyre fortare enn 45 kilometer i timen. Ein kan køyre mopedbil frå ein er 16 år gammal, dersom ein oppfyller krava til førarkort.

Å trimme ein moped

Nokre synest at mopeden går for sakte og vel å trimme han. Det betyr at ein endrar delar av mopeden slik at han kan køyre fortare enn det som er lov.

Å trimme ein moped er ulovleg. Det kan føre til bot og andre reaksjonar frå politiet. Ein trimma moped kan òg vere farlegare å køyre enn ein moped som er i original stand.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Gisle Solvoll
Professor, Nord universitet